Mobilnett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit mobilnett eller mobilnettverk er eit radionettverk beståande av fleire radiomaster eller basestasjonar fordelt utover eit landområde. Kvar mast dekkjer eit gjeve område, og for å unngå interferens med eventuelle nabomaster, brukar kvar av desse eit eige sett med frekvensar. Dei ulike basestasjonane er kopla saman i eit nettverk, noko som lèt ei stor mengd terminalar (til dømes mobiltelefonar) kommunisera med kvarandre på tvers av basestasjonane. Ei gruppe basestasjonar i eit område vert kalla ei celle, sidan terminalane (mobiltelefonane) i cella får oppkall frå alle mastene i cella, og systemet vel den beste basestasjonen å setja opp samtalen gjennom nettverket. Mobiltelefonen gjev melding til heimesentralen når den flyttar seg frå ei celle til ein annan. Denne cellestrukturen er årsaka til at mobiltelefonen vert kalla «cell phone» på engelsk.

Basestasjon i eitt mobilnettverk

I Noreg har vi pr. 1. oktober 2012 fire selskap som har sina eigne kommersielle mobilnettverk. Desse selskapa er Telenor, Telia, Mobile Norway og Ice.net. Det finst i dag betydeleg fleire tilbydere av mobiltenester i Noreg (mobiloperatørar), men desse nyttar seg av eitt eller fleire av desse fire mobilnetta.

I dei ulike mobilnettverka vert nytta ulike teknologiar for å gjera muleg kommunikasjon mellom ulike einingar. Telenor, Telia og Mobile Norway nyttar seg av GSM (2G), UMTS (3G), HSDPA (populært kalla 3,5G) og LTE (LTE er òg kalla "4G" sjølv om LTE pr. definisjon ikkje kvalifiserer til denne nemninga), over radiofrekvensområda 900, 1800 og 2100 MHz. Ice.net (Ice Noreg AS) opererer med teknologien 3G CDMA2000 over frekvensar i 450 MHz-området. I tillegg vedtok regjeringa 12. september 2009 at frekvensane i 800 MHz-bandet (som vart frigjort ved overgangen til digitalt fjernsyn) skal verta til nytta mobilt breiband. Nasjonal kommunikasjonsstyresmakt har ansvaret med å auksjonera ut desse frekvensane.

Det er verd å merka seg at det som forbrukere kan oppleva som eitt enkelt mobilnettverk, i praksis kan vera fleire ulike teknologiar som kommuniserer saman over ulike frekvensar. Dette er òg årsaka til at ulike teknologiar (til dømes GSM og UMTS) ofte har ulik dekning i same område. I Noreg ligg til dømes UMTS i frekvensområdet rundt 2100 MHz, som gjev dårlegare inntrenging gjennom vegger enn ein oppnår med GSM i 900 MHz og NMT i 450 MHz. Ein generell regel når det gjeld radiofrekvensar er at jo lågare frekvensar, desto lågare datakapasitet, men samstundes lengre rekkjevidd. Høgare frekvensar gjev betre refleksjon av radiobølgjene, medan lågare frekvensar kan krumma, eller bøya radiobølgjene såg dei lettare passarane mindre hindringer.

=Kjelder[endre | endre wikiteksten]