Mobutu Sese Seko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mobutu Sese Soko)
Mobutu Sese Seko

FøddJoseph-Désiré Mobutu
14. oktober 1930
Lisala
Død7. september 1997 (66 år)
Statsborgar avRepublic of the Congo (Léopoldville), Zaire
Yrkepolitikar, journalist, militær
Utdanna vedCollège du Léman
EktefelleBobi Ladawa Mobutu, Marie-Antoinette Gbiatibwa Gogbe Mobutu
BarnNzanga Mobutu, Kongulu Mobutu, Giala Mobutu
Alle verv
  • Den demokratiske republikken Kongos president (1965–1997)
  • Organisasjonen for afrikansk enhets formann (1967–1968) Sjå dette på Wikidata

Mobutu Sese Seko Nkuku Ngbendu wa Za Banga, ofte berre Mobutu Sese Seko, (14. oktober 19307. september 1997) var ein kongolesisk offiser som var president i Den demokratiske republikken Kongo frå 24. november 1965 til 16. mai 1997, som òg var kjend som Zaïre under delar av regjeringstida hans. Mobutu har eit tvilsamt ettermæle, blant anna for omfattande plyndring av statskassa, men perioden han styrte, var òg prega av nasjonsbygging og fred, med mykje hjelp av Mobutu sine strategiske og politiske evner.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Joseph-Désiré Mobutu, som han opphavleg heitte, var fødd i Lisala i Belgisk Kongo i 1930. Han fekk snøgt ein karriere i den belgisk-kongolesiske hæren Force Publique på 1940-talet. I 1956 gjekk han over til ein karriere som journalist, fyrst som reporter for L'Avernir, dinest redaktør for Actualités Africaines.[2] Som journalist kom Mobutu i kontakt med leiaren for den kongolesiske frigjeringsrørsla, Patrice Lumumba.[1]

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Mobutu vart med i Lumumba sitt politiske parti Mouvement National Congolais og vart ein nær ven av leiaren. I 1960, året då Kongo fekk sjølvstende sitt, vart det arrangert ein konferanse i Brussel om sjølvstendet til Kongo. Mobutu representerte Lumumba i Brussel og støtta hans plan for eit sterkt og uavhengig kongolesisk styre.[1]

Da Lumumba vart statsminister i 1960, sette han inn Mobutu som statssekretær for forsvaret, ein hær som var splitta mellom dei belgiske hærførarane og dei kongolesiske soldatane. I tillegg var statsapparatet splitta mellom president Joseph Kasa-Vubu og statsminister Lumumba. Mobutu støtta i løyndom planen til Kasa-Vubu om å styrta Lumumba i september 1960. Lumumba på si side leia eit opprør for å styrta Kasa-Vubu.[1]

I ein kort periode frå 1960 til 1961 tok Mobutu makta som leiar for den kongolesiske hæren. Lumumba vart drepen, og Kasa-Vubu heldt fram som statsleiar att i 1961, medan Mobutu heldt fram som øvste leiar for hæren. I 1965 kuppa Mobutu makta i landet.[1]

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Trass at Mobutu i dag er mest kjent som ein av Afrikas mange «store menn» som stal store økonomiske verdiar frå landet, var han ein svært dyktig politikar når det galdt nasjonsbygging og diplomati. Mobutu evna å halda på gode diplomatiske relasjonar til begge sidene av den kalde krigen. Samstundes som han samarbeida tett med USA, fór han gjerne på statsgjesting til Kina og Romania.[1]

Då Mobutu tok makta i 1965, var landet djupt splitta etter den såkalla Kongo-krisa, krigen som herja i landet frå 1960 til 1965, og som blant anna involverte den fyrste FN-operasjonen i historia. Mellom 1966 og 1974 plasserte Mobutu seg som farsfiguren over landet han døypte om til Zaïre. Rolla til Mobutu vart òg monaleg styrka av økonomiske oppgangstider i landet.[1]

Når det galdt nasjonsbygging, innførte han særleg éin viktig politisk ideologi: Autentisitet, på fransk authenticité. Dette var ein statsideologi som skulle taka sterk avstand frå vestleg koloniherredøme og etnisk splitting internt for å taka kongolesarar tilbake til det autentisk afrikanske og kongolesiske.[1]

Det var i denne samanhengen at landet vart døypt om til Zaïre (frå 1971 til 1997); eit namn som vart tolka som det opphavlege namnet på Kongoelva, men som eigenleg var ein portugisisk tolking av det kongolesiske namnet på elva, nemleg Nzadi. Franskspråklege namn på byar vart erstatta med såkalla autentiske namn: Léopoldville vart til Kinshasa, Stanleyville vart til Kisangani og Élisabethville vart til Lubumbashi. Mobutu tok òg det lange namnet Mobutu Sese Seko Kuku Ngbendu Wa Za Banga (tidlegare Joseph-Désiré), som kort kan setjast om til «krigaren som går frå siger til siger».[1]

Desse grepa var populære i ein folkesetnad som var svært prega av belgisk kolonistyre og som ynskte sjølvstende. Nasjonsbygging nådde høgda i det som vart omtala som «Rumble in the Jungle» i 1974; ein boksekamp mellom dåtidas største boksarar Muhammad Ali og George Foreman i Kinshasa.[1]

Mellombels var Mobutu kjent som svært korrupt, og i forlenginga av autentisitetspolitikken innførte han det som vart kalla zaïrisering: Tidlegare belgiskåtte og private verksemder skulle nasjonaliserast. Det tydde i praksis at alle sentrale delar av infrastrukturen og økonomien vart teke over av Mobutu og hans allierte. Dette fekk gradvis større og verre sosiale og økonomiske konsekvensar i landet; frå matmangel til økonomisk fiasko i store delar av industrien.[1]

Den kanskje viktigaste og mest kontroversielle delen av denne prosessen var Bakajika-loven som innebar at alt land vart nasjonalisert. I staden for at hovdingar og etniske grupper skulle ha fyrsterett på landområde, var det no opp til staten kven som hadde rett på jorda og få lov til å drive kveg- og landbruk, sjølve livsgrunnlaget til mange i det austlege Kongo den dag i dag. Dette skapte mykje sinne.[1]

Mobutus fall[endre | endre wikiteksten]

den kalde krigen var over i 1990, var det færre insentiv for støtta til upopulære diktatur. Mobutu overlevde likevel som statsleiar heilt fram til 1997. Det var mellombels tydeleg at økonomien var i ruinar, og det folkelege presset for endring var stort. I tillegg fekk ulike opposisjonsleiarar og demokratiforkjemparar fotfeste. Dette førte til viktige forsøk på forhandlingar om demokrati og reformer i statsapparatet.[1]

Folkemordet i Rwanda i 1994 fekk mellombels enorme ringverknader i det som då heitte Zaïre, og gjer seg framleis gjeldande. Mobutu var ein nær ven av tidlegare president Juvénal Habyarimana i Rwanda. Han vart drepen då flyet hans vart skote ned i april 1994; ei hending som vart sett på som byrjinga på folkemordet. Habyarimana fekk ei offisiell kremering i Zaïre etter Mobutu sitt ynske, noko som vart dåleg teke imot av den tutsi-leia opprørsgruppa RPF leia av Paul Kagame, som seinare tok makta i Rwanda. Mobutu fekk såleis ein mektig fiende i aust.[1]

Denne fienden voks seg større då Mobutu utnytta den politiske sikkerheitstrugselen i austlege Zaïre med dei etniske gruppene banyarwanda og banyamulenge i provinsane Nord- og Sør-Kivu i Zaïre. Desse gruppene hadde kome til landet i samanheng med belgisk kolonistyre av både Belgisk Kongo og Ruanda-Urundi – dagens Rwanda og Burundi – og som var store innan kvegdrift. Mange kongolesarar ynskte å yrkja med landbruk i områda som Banyarwanda- og Banyamulenge-gruppene dreiv. RPF frykta eit nytt folkemord av denne gruppa på Zaïre-sida av grensa. Oppe i alt dette var det enorme flyktningestraumar som pressa eit allereie svært fattig folk til bristepunktet og som den kongolesiske staten ikkje evna å handtera.[1]

Opprørsleiaren Laurent-Desiré Kabila, som var busett i Sør-Kivu og som i mange tiår hadde vore i opposisjon til Mobutu, fekk støtte av særleg rwandiske RPF-styrkar til å gjennomføra ein militær operasjon få aust til vest for å kapra statsmakta i 1996. Operasjonen lykkast, og i mai 1997 var tida med Mobutu ved makta som eineveldig statsleiar omme. Mobutu fór til Marokko i eksil der han døydde av prostatakreft kort tid etter.[1]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

DR Kongo har i all tid etter at Mobutu missa makta vore prega av politikken han førte. Blant anna herskar det stor forvirring rundt eigarrett over landområde og rundt styre og drift av offentlege verksemder.[1]

Utanlandsgjelda til DR Kongo, manglande investeringar i alle offentlege tenester og pengane som Mobutu-familien stal frå statskassa har òg hatt ein svært negativ effekt på både staten og på kvardagen til mange kongolesarar som ikkje har mogleiken til å dekkja grunnleggjande helse- og sanitærbehov. Korrupsjonen har i stor grad heldt fram blant dei skiftande regjeringsmedlemene i landet.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 1,13 1,14 1,15 1,16 1,17 Solhjell, Randi: Mobutu Sese Seko i Store norske leksikon på snl.no. Henta 5. april 2024.
      • Reybrouck, D. (2011). Kongo – Historien om Afrikas hjerte. Oslo: Font.
      • Schatzberg, M. G. (1991). The Dialectics of Oppression in Zaire. Bloomington: Indiana University Press.
      • Young, C. & T. E. Turner (1985). The Rise and Decline of the Zairian state. Madison: University of Wisconsin Press.
  2. «Mobutu Sese Seko» (på engelsk). Encyclopedia Britannica. Henta 5. april 2024. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Mobutu Sese Seko