Modale hjelpeverb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Modale hjelpeverb er hjelpeverb som fortel kva haldning talaren har til innhaldet som er knytt til hovudverbet i setninga. Nokre av verba kan også bli brukt som hovudverb, då med ei litt anna tyding. Dei modale hjelpeverba i nynorsk er:

Hjelpeverb (infinitiv, presens,
preteritum, perfektum partisipp)
Døme på bruk som hjelpeverb Døme på sjølvstendig bruk
burde el. byrje, bør, burde, burt «det burde han tenkt på»  
kunne, kan, kunne, kunna «det kan gå bra.» «ho kan alfabetet allereie»
ljote el. lyte, lyt, laut, lote «no lyt me visst gå»  
mune, mun, munde, «det munde vel henda»  
måtte, må, måtte, måtta el. mått «det måtte jo skje nett no»  
skulle, skal, skulle, skulla «en skulle vøri fire år i romjul»  
tore, tør el. torer, torde, tort «ho torer koma snart»  
turve, tarv, turvte, turvt «det tarv ikkje du bry deg om» «eld han tarv som om kne kulsar»
vilje, vil, ville, vilja «ho vil gjera alle til lags»

Dei modale hjelpeverba blir so å seia aldri brukte i infinitiv, so infinitivsformer som byrja, ljota og muna er sjeldsynte og lite kjende, medan kunna, turva og vilja som i visse tydingar er sjølvstendige verb, er meir tidsynte.

skulle ville måtte kunne burde
påbod Du skal legge deg Vil du ha deg vekk! No må du gå!
oppmoding Du skulle gjere deg likevel Du må ikkje gløyme dette! Du bør gå no
lovnad Eg skal gjere det for deg Ho vil gjere det
ønskje Ho vil gjere det Måtte det gå bra!
vurdering Ho skal vere flink Det kan gå bra Det bør gå bra.
tru Det vil nok gå bra
kunnskap / evne han kan visst dette ut og inn.
løyve Om eg så må seie. No kan du gå.

Verba som blir modererte av dei modale hjelpeverba, står i infinitiv eller perfektum partisipp. Det er mogleg å argumentere for at konstruksjonar med modalt hjelpeverb pluss perfektum partisipp er eliptiske, dvs. Det burde han (ha) tenkt på..

Det er også andre måtar å uttrykke modalitet på. I nokre språk har verbet ein eigne bøyingskategori, modus, i andre språk, som norsk, kan tempus få modal funksjon.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]