Modalen kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Modalen kommune
Kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Adm.senter Mo
Areal 412 km²
 - land 382 km²
 - vatn 30 km²
Folketal 381 (1. januar 2016)
Folketettleik 1 / km²
Målform Nynorsk
Ordførar Tom Kristian Thorsen
(Solrenningslista)
Kommunenummer 1252
NO 1252 Modalen.svg
Wikimedia Commons: Modalen

Modalen er ein kommune i Hordaland. Modalen er den kommunen i Noreg med nest lågast innbyggjartal, med berre 370 innbyggjarar (jan. 2012). Kommunen har store inntekter frå vasskraft, men er òg ein stor eksportør av sand. Den største næringa er jordbruk, følgd av turisme og laksefiske i Modalselva. Kommunen hadde ikkje fast vegsamband før i 1976, då tunnelen til Eksingedalen vart bygd.

Som første kommune i Noreg har Modalen tilbydd innbyggjarane sine eit trådlaust nettverk med internettilkopling til fritt bruk. Kommunen var òg den første som kjøpte datamaskinar til alle skuleelevar i 1993. Ressursane til dei store investeringane kjem hovudsakleg frå dei store inntektene frå vasskrafta.

Modalen kommunestyre har 13 medlemmer, og er ikkje partipolitisk samansett. Representantane kjem frå 2 bygdelister: Samlingslista for Modalen og Solrenningslista.

Intresser i Modalen: Uni Micro (dataverksemd), Bryggjeslottet (samfunnshus, bowling, badebasseng), Coop Marked, Modalen Sjø og Fritid (turistverksemd) m.fl.

Tusenårsstad[endre | endre wikiteksten]

Tusenårsstaden i Modalen er Mo kyrkje og området ho ligg på, der det har stått kyrkjer attende til rundt 1150-1200. Kyrkja som står der i dag vart bygd i 1883.

Utvikling av folkesetnaden i kommunen[endre | endre wikiteksten]

Modalen folk.PNG

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]