Modellsnikkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Modellsnikkar er ein handverkar som lagar modellar av gjenstandar i full storleik i ulike materiale for å lage støypeformer som skal nyttast til å støype gjenstandane i metall. Det vert laga avtrykk av modellen i ei form med sand, og deretter vert det fylt smelta, flytande metall i holrommet som avtrykket har laga i sanden. Dersom gjenstanden er komplisert, må modellen verte bygd i fleire delar som vert sett saman, slik at modellen kan takast ut or sandforma utan at avtrykket vert skipla.

Tidlegare vart modellar laga i tre, og kunne ofte vere særs store, som til dømes modellar til støypeformer for propellar på store skip, og dette er bakgrunnen for namnet på yrket. Men no vert òg andre materiale nytta, serleg plast.

Modellsnekring krev stor presisjon, til dømes når det skal lagast modellar til å støype maskindelar og anna utstyr etter. I somme høve vil avvik på under millimeteren kunne vere nok til at modellen må vrakast. Omfattande materialkunnskap og god kunnskap og røynsle i bruk av maskiner, som til dømes dreiebenkar, fresarar, boremaskiner og anna utstyr vil vere naudsynt for ein god modellsnikkar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]