Moderat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Moderat tyder 'måtehalden' og viser på ulike felt til ståstader der ein er lite ytterleggåande. Omgrepet kan til dømes vera motsats til radikal eller ekstrem.

Fleire politiske parti har kalla seg moderate, til dømes norske Moderate Venstre. I Sverige finst Moderata samlingspartiet som vanlegvis berre blir kalla «Moderaterna». I Spania var det liberalkonservative Partido Moderado eller «Moderados» viktig på 1800-talet.

Innan religion kan ein skilja mellom moderate og ytterleggåande grupper. Sidan 2000-åra har ein særleg snakka om «moderate muslimar».

Omgrepet er brukt om norske skriftspråkformer innan både bokmål og nynorsk som ligg innanfor normalen og verken er overdrive «konservativt» eller «radikalt» tilnærma det andre skriftspråket.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«moderat» i Store norske leksikon, snl.no.