Moderate Venstre
| Moderate Venstre | |||
| Land | Noreg | ||
|---|---|---|---|
| Partileiar(ar) | Jakob Sverdrup | ||
| Grunnlagt | 1888 | ||
| Nedlagt | 1906 | ||
| Forgjengar | Venstre | ||
| Fusjonert med | Høgre | ||
| Ideologi | sosialkonservatisme, klassisk liberalisme | ||
| Stortings- representantar | 25 | ||
Moderate Venstre var tidlegare namn på eit politisk parti i Noreg. Partiet vart grunnlagd i 1888 av den lågyrkjelege delen av Venstre, og vart det tredje partiet som vart representert på Stortinget. Særleg viktige spørsmål for partiet var fråhaldssak, religion og moral. Partiet målbar i mange spørsmål liknande syn som det seinare Kristeleg Folkeparti. Då partiet sin «sterke mann» Lars Oftedal i 1891 gjekk inn for samarbeid med Høgre gjekk delar av partiet attende til Venstre. Partiet vart i stor grad eit grunneigarparti. I motsetnad til Høgre gjekk Moderate Venstre inn for mest mogleg norsk sjølvstyre i høve til unionspartnaren Sverige. Då Høgre snudde i unionssaka og Samlingspartiet vart grunnlagt vart Moderate Venstre ein del av dette. I 1906 gjekk Moderate Venstre inn i Høgre.