Mods

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om musikkgruppa. For subkulturen som har gitt gruppa namnet, sjå Mod-kulturen.

Mods er ei tidlegare norsk musikkgruppe. Dei vart kjende for å syngja på stavangersk. I Stavanger tidleg på 1980-talet var det ei gruppe ved namn Catrix som søkte etter ein vokalist. Morten Abel Knutsen prøvde seg, sjølv om dei eigentleg leita etter ei kvinne. Det tok ikkje lang tid før han vart fast medlem i gruppa. Gruppa skifta namn til til Mods, og vart etter kvart kjend over heile Noreg. Dei hadde mange populære songar. Nokre av dei er «Tore Tang», «Bare i nått», «Du e mislykka» og «Me to går alltid aleina», som alle finst på plata «Revansj». Øvrige medlemmer i Mods var Helge Hummervoll (keyboard), Tor Øyvind Syvertsen (gitar), Torkild Viig (bass), Rune Bjålid (gitar), og Leif A.B. Nilsen (trommer).

Etter suksessen med Mods tok Knutsen med seg Hummervoll og Syvertsen og stifta ei ny gruppe, The September When. Han skifta òg litt på artistnamnet sitt. Han har i tida etterpå berre nytta dei to førenamna sine: Morten Abel. Tidlegare Mods-trommeslagar Leif Nilsen starta gruppa Leif Og Kompisane.

Sommaren 2006 vart det gjeve ut ei samleplate med dei mest kjende songane, samlinga fekk tittelen «Gje meg litt merr - de beste».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]