Modularitet i lingvistikken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Modularitet i lingvistikken er ein teori om at oppbygnaden av språket berre delvis kan forklarast ved hjelp av allmenne ikkje-språklege fenomen som mellom anna fysiologi, akustikk, persepsjon, konversasjonelle prinsipp, minne og allmenne lærings- og omgrepsdannings-prinsipp. Når vi har skrella vekk dei delane av oppbygnaden av språket som slike allmenne ikkje-språklege fenomen forklarer eller gjer greie for, står det att ein kjerne av reint språklege fenomen som ikkje kan utleiast av noko utanfor språket.[1] Modularitet er særskilt knytt til chomskyansk lingvistikk, ei hovudretning av generativ lingvistikk. Modularitetsteorien innanfor lingvistikken byggjer i fyrste rekkje på teorien om modularitet i psykologien som blei sett fram av den amerikanske filosofen Jerry Fodor (1935–) i boka The Modularity of Mind (1983).[2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Modularitetsteorien er sæskilt klart framstilt i Stephen R. Anderson 1981: Why phonology isn't natural. Linguistic Inquiry 12: 493-539.
  2. Jerry Fodor 1983. The modularity of mind. Cambridge, MA: MIT Press.