Moesgård Museum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Moesgård Museum ligg på Moesgård herregard i nærleiken av Århus i Danmark.

Moesgård Museum, som fram til 1979 heitte Forhistorisk Museum, er eit arkeologisk og etnografisk museum som ligg på herregarden Moesgård i nærleiken av byen Århus i Danmark. Museet samarbeider med dei institutta på Aarhus Universitet som har med museets fagområde å gjere.

Grunnlaget for det som seinare skulle verte museet, var skipinga av Historisk-antikvarisk Selskab i 1861, som hadde som mål å spreie historisk kunnskap og etablere ei samling av gjenstandar frå forhistorisk og historisk tid. Samlinga heldt i fyrstninga til på rådhuset (i dag Kvindemuseet og Besættelsesmuseet) i Århus, attmed domkyrkja. Men i 1881 vart samlingane flytta til ein ny museumsbygning i Århus som òg gav plass til bibliotek og kunstmuseum, og som i vår tid er kjend som «Huset» ved Mølleparken. På grunn av dei økonomiske tilhøva vart det i 1905 fastsett at museet for framtida berre skulle konsentrere seg om forhistorisk tid og berre take inn i samlinga gjenstandar som hadde med Århus og næraste omland å gjere. I 1920-åra vart gjenstandane i samlinga frå mellomalderen og nyare tid deponert på det nyskipa kjøpstadsmuseet Den Gamle By i Århus, og på slutten av 1940-talet vart gipsavstøypingane av klassiske skulpturar overdrege til Afdeling for Klassisk Arkæologi på universitetet i Århus. Etter at museet på dette viset fekk betre plass i museumsbygningen, og arkeologen P.V. Glob hadde vorte leier av oldsaksamlinga og professor i forhistorisk arkeologi ved Aarhus Universitet i 1949, utvikla museet seg fagleg i positiv lei, staben av medarbeidarar tok til å vekse, museet fekk status som landsdelsmuseum, oppbygginga av ein eigenleg etnografisk avdeling byrja, og museet endra namn til Forhistorisk Museum. Glob vart riksantikvar i 1960, men heldt fram som leiar av Forhistorisk Museum fram til 1962.

Tanken om å byggje eit nytt museum melde seg allereie på den tida då Glob vart tilsett som leiar av Forhistorisk Museum. Snart kom det òg på banen tankar om å flytte museet frå sentrumsområdet i Århus til Moesgård eller ein annan herregard i nærleiken av Århus, slik at det vart nok arel til å kombinere dei innandørs utstillingane med eit frilandsmuseum som gjorde greie for andre sider ved livet og levevilkåra i forhistorisk tid. Globs etterfølgar, arkeologiprofessor Ole Klindt-Jensen, fekk sett desse planane ut i livet, og eit nytt museum på Moesgård vart opna for publikum i 1970. Men utflyttinga av universitetsinstituttet og museets funksjonar hadde byrja allereie eit par år tidlegare.

Museets arkeologiske undersøkingar[endre | endre wikiteksten]

Antikvarisk Afdeling på Moesgård Museum står for arkeologiske granskingar både til lands og til havs. Avdelinga har ansvaret for dei arkeologiske undersøkingane som skal gjerast i Århus, Odder og Favrskov kommunar, og står i samarbeid med Økomuseum Samsø dessutan for dei arkeologiske utgravingane på Samsø. Som spesialmuseum har Moesgård Museum òg oppgåver av overregional art, og kan difor gjere utgravingar og andre arkeologiske granskingar utanfor sitt eige lokalområdet, men i samarbeid med det lokalmuseet som har det formelle arkeologiske ansvaret for området. Somme oppgåver tek folk ved Aarhus Universitet seg av. Museet har dessutan det arkeologiske ansvaret for sjøområda, elvene, innsjøane og vatna i Århus Amt, og har difor ein arkeolog og ein konserveringsteknikkar med dykkarsertifikat.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]