Moghusfela

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Moghusfela» er ein gangar som er del av ein slåttekrins spreidd over Telemark, Hordaland og Valdres. I Valdres heiter slåtten «Lea deg, gamle Ola», og i Telemark «Moghusen» eller «Moghusfela». Det finst stev knytt til båe desse namna, og det følgjer ei segn med slåtten.

Segna[endre | endre wikiteksten]

Segna om Moghusfela er kjend frå øvre Telemark, og er skrive opp slik:

Det var to karar, Olav og Tarjei, frå Moghus i Fyresdal. Og Olav han reiste til byen og sill handle burt ein del varur då, og so drakk han upp detta der, som han ha e tent, og so va han so hugsjuk og ille ved. So fortålde han det Gunnar Tveiten at han sat attmed eit skjol, og der sat han spikka og telgde på ein pinne, og denna pinnen blei aldeles sylende kvass. So tok han og køyrde pinnen i barkjen på seg og drap seg. Etterpå det so synte det seg at fela hans hekk på veggen og song eit stev, og ein høyrde klangjen i fela:
«Huttimegtu», sa Moghus-fela;
«Olav er dau, må Tarjei spila»;
«Huttimegtu», sa Moghus-fela,
«Olav er dau som på meg spila.»

(fortald av Eivind Groven).

Ein variant av stevet er kalla Bakkhus-fela, og er sunge på ein annan melodi.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til slåtten er uvisst, men det har vore ført prov for at kjerneområdet er Valdres, og at slåtten skal vera spreidd derfrå gjennom Knut Lurås, som var i lag med Jørn Hilme. Forma som er spela etter Håvard Gibøen kunne peike mot dette. Gibøen fekk mykje spel av Luråsen. Luråsen har og vore kjelde for Øystein Hovdestad og Leiv Sandsdalen.

Variantgruppa[endre | endre wikiteksten]

I Hardingfeleverket har slåttegruppa nr 112/124, med i alt åtte nedskrivne variantar.

Nr 112:

Nr 124: