Hopp til innhald

Mohamed ElBaradei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mohamed ElBaradei

Verkeleg namnمحمدالبرادعئ
StatsborgarskapEgypt
Fødd17. juni 1942 (84 år)
Kairo
Yrkepolitikar, diplomat, jurist, menneskerettsaktivist
Språkengelsk, arabisk
Politisk partiConstitution Party[*]
ReligionIslam
FarMostafa ElBaradei
Nettstadhttp://www.mohamedelbaradei.com
Mohamed ElBaradei på Commons

Mohamed ElBaradei (fødd 17. juni 1942) er generaldirektør i det internasjonale atomenergibyrået (IAEA), ein internasjonal organisasjon som er underlagd dei sameinte nasjonane. I 2005 vart han tildelt Nobels fredspris saman med IAEA.

ElBaradei er fødd i Egypt. Han tok juristutdanning ved Universitetet i Kairo og deretter doktorgrad i internasjonal rett ved New York University School of Law.

Sidan 1984 har han vore eit framtredande medlem av IAEA, der han har hatt fleire viktige stillingar. Han vart generaldirektør i 1997, og attvald til ein andre periode i 2001.

Nobels fredspris

[endre | endre wikiteksten]

7. oktober 2005 vart det gjort kjent at Mohamed ElBaradei, saman med IAEA, ville få Nobels fredspris for det året. Den Norske Nobelkomite gav som grunngjeving «arbeidet deira for å hindre at kjernefysisk energi vert brukt til militære føremål». IAEA har konsentrert seg om kampen for å redusere kjernevåpen med sikte på å avskaffe denne typen våpen.

  • «The Nobel Peace Prize 2005». Nobelprize.org. Henta 2015-10-01.
  • «Mohamed ElBaradei - Facts». Nobelprize.org. Henta 2015-10-01.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Mohamed ElBaradei