Mohamed Elyounoussi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mohamed Elyounoussi i Basel-drakt

Mohamed Amine Elyounoussi (fødd 4. august 1994) er ein marokkanskfødd norsk fotballspelar som sidan 2014 har delteke i 28 landskampar for Noreg. Han er kantspelar og har vore aktiv i fem ulike fotballklubbar, størst suksess har han hatt med Molde FK og sveitsiske FC Basel.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Elyounoussi spelte 2011-13 på Sarpsborg 08. Sidan var han Molde-spelar til juli 2016, der han i 2014 var med å vinne dobbeltriumf; siger i serie og cup. Gjennom to sesongar, 2016 til -18, gjorde han teneste i FC Basel, også med Basel opplevde han dobbeltriumf i sin fyrste sesong i klubben. Sommaren 2018 vart han overført til engelske Southampton FC mot 16 millionar engelske pund. Etter ein mislukka sesong flytta han hausten 2019 over til skotske Celtic FC, der han vart ligameister i 2020.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Elyounoussi landslagdebuterte mot Polen i Abu Dhabi i januar 2014. Han etablerte seg på landslaget fyrst i 2017. Pr oktober 2020 har han skåra 6 mål på 28 landskampar. Mellom anna vart han matchvinnar då Noreg vann 1-0 over Bulgaria i ein NL-kamp 16. oktober 2018.

Tarik Elyounoussi er syskenbarnt hans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]