Al-Khwarizmi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Al-Khwarizmi

Føddأبو عبد الله محمد بن موسى الخوارزمي
ca. 780
Khoresm
Dødca. 850
Bagdad
NasjonalitetAbbasidane
Områdeastronomi, matematikk, algebra, indisk tallsystem, aritmetikk, trigonometri, geografi, geofag
Yrkematematikar, astronom, geograf, filosof, omsetjar, astrolog, historikar
InstitusjonarVisdommens hus

Mohamed Ibn Musa al-Khwarizmî (ca. 780–ca. 850) var ein persisk matematikar og astronom. Han skreiv bøker om aritmetikk, algebra og astronomi. Al-Khwarizmi var den viktigaste matematikaren i verda i sin tidsperiode, og vert rekna som ein av dei fremste gjennom tidene. Han var den første som handsama rasjonale tal, irrasjonale tal og geometrisk definerte storleikar ved hjelp av likningar, og vert rekna som grunnleggjar av moderne algebra. Ordet algoritme kjem av den latinske forma av namnet hans, Algoritmi. Dei spanske og portugisiske orda for «tal», guarismo og algarismo, er også avleidde frå al-Khwarizmi.

Al-Khwarizmi skal ha blitt fødd i Khwarezm, eit område sør for Aralsjøen i noverande Usbekistan og Turkmenistan. Namnet al-Khwarizmi er avleidd av dette. Han var ein av dei lærde i Visdomens hus i Bagdad. Visdomens hus vart oppretta av kalif Al-Ma'mun, som òg støtta arbeidet til Al-Khwarizmi. Matematikaren dediserte to av bøkene sine til kalifen.

Det viktigaste verket til Al-Khwarizmi var Hisab al-jabr w'al-muqabala. Det er dette verket som har gjeve namn til ordet «algebra». Al-jabr tyder å «gjera fullstendig». Han brukte uttrykket om operasjonen der ein flyttar tal over til andre sida av likskapsteiknet i ei likning. I første delen av dette verket analyserer han første- og andregradslikningar og forklarer nøye korleis dei skal løysast. Dette var før ein byrja å bruka symbol for variablane i matematikken, så alt vart forklart med ord. Den andre delen av verket viser døme på problemstillingar ein kan bruka algebra til å løysa, som til dømes å finna arealet og volumet av geometriske figurar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]