Mohammed Gammoudi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mohammed Gammoudi
PortraitMohammedGammoudi.jpg
Fødd 11. februar 1938
Sidi Aïch
Yrke langdistanseløpar, friidrettsutøvar
Mohammed Gammoudi på Commons

Mohammed Gammoudi (fødd 11. februar 1938) er ein tunisisk tidlegare langdistanseløpar i friidrett som vart olympisk meister på 5000 meter i 1968 og vann to OL-sølv og ein OL-bronse i tida 1964-72.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Friidrettsøvingane under Sommar-OL 1964 i Tokyo tok til med 10 000-meterfinalen den 14. oktober. Favoritten Ron Clarke frå Australia drog det meste av løpet i stort tempo, og berre to løparar heldt fylgje då klokka ringde 400 meter før målstreken. Ut på oppløpssida sprang Gammoudi forbi Clarke, men med ein sterk sluttspurt fauk Billy Mills frå USA forbi og sikra seg ein overraskande gullmedalje framfor Gammoudi. Gammoudi forbetra den personlege rekorden med 47,2 sekundar, Mills nesten like mykje. Gammoudi kvalifiserte seg lett til OL-finalen på 5 000 m, men stilte ikkje til start finaledagen.

Sommaren 1968 viste Gammoudi at han måtte reknast med på langdistansane ved OL i Mexico same hausten. Under eit stemne i Stockholm vart han nummer tre på 5 000 m med ny tunisisk rekord, 13.30,8, sekundet bak vinnaren Lajos Mecser frå Ungarn og verdsrekordhaldar Ron Clarke. I dei olympiske leikane 1968 i oktober tok han i tynnlufta bronsemedaljen på mila, vel seks sekundar bakom dei to andre medaljevinnarane. På 5 000-meteren lukkast han derimot slå den kenyanske 1500-meterspesialisten Kipchoge Keino med to tidels sekund, og vart dermed Tunis fyrste olympiske gullmedaljør.

Under Sommar-OL 1972 sette Gammoudi forbetra sin eigen åtte år gamle tunisiske rekord på mila med nøyaktig eit halvt minutt då han vann sitt kvalifiseringsheat på 10 000 m, men braut finalen etter han ramla då finske Lasse Virén fall i den tolvte runda av løpet. Også på 5 000 m vann Gammoudi sitt kvalifiseringsheat. I finalen kneip han sølvmedaljen framom Ian Stewart frå Storbritannia, eit lite sekund bak Lasse Virèn som sikra seg OL-gull nummer to. Også her sette Gammoudi tunisisk rekord.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • OL 1964 i Tokyo: Sølvmedalje på 10 000 m – 28.24,8, bakom Billy Mills (28.24,4)
  • OL 1968 i Mexico by: Gull på 5 000 m – 14.05,0, framom Kipchoge Keino (14.15,1), og bronse på 10 000 m – 29.34,2
  • OL 1972 i München: Sølv på 5 000 m – 13.27,3, bakom Lasse Virén (13.26,4). Braut finalen på 10 000 m (=nr 15)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]