Mohammed bin Salman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mohammed bin Salman
محمد بن سلمان بن عبد العزيز آل سعود‎

Fødd31. august 1985
FødestadRiyadh
Gift medSara bint Mashhur bin Abdulaziz Al Saud
DynastiHuset Saud
FarSalman av Saudi-Arabia
MorFahdah bint Falah bin Sultan

Mohammed bin Salman (arabisk محمد بن سلمان بين عبد العزيز آل سعود, Muḥammad bin Salmān bin ‘Abd al-‘Azīz Āl Su‘ūd) (fødd 31. august 1985 i Jidda) er kronprins av Saudi-Arabia og forsvarsministeren i landet.[1] Han er òg sjef for det kongelege hoffet.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Mohammed bin Salman er son av kong Salman bin Abdulaziz i hans tredje ekteskap med Fahda bint Falah bin Sultan. Han har ein bachelorgrad i rettsvitskap frå King Saud University.[2] Han har tidlegare arbeidd i privat sektor, mellom anna som konsulent for ekspertkommisjonen i den saudiske regjeringa.

Kong Salman bin Abdulaziz utnemnde sin son Mohammed bin Salman til forsvarsminister og sjef for rådet for økonomi- og utviklingsspørsmål i april 2015.[3] Han har gjort seg kjend for sine freistnader på å modernisera Saudi-Arabia med vestlege verdiar, til dømes fekk kvinner frå og med 24. juni 2018 lov til å køyra bil.[4][5] Han har eit reformvenleg syn på landet, men har samtidig leia landet inn i eit hardare autoritært regime.[6] Han vert skildra som makta bak sin far, kong Salman.[7]

Mohammed bin Salman vart utnemnd til kronprins i juni 2017.[8][9]

Han har vore gift med prinsesse Sara bint Mashour Al Saud sidan 2008, og saman har dei fire born.[10][11]

Kontroversar[endre | endre wikiteksten]

Han er skulda for å skapa instabilitet i Midtausten, fordi han mellom anna set menneskerettsaktivistar i fengsel, militær intervensjon i Jemen, eskalering av den diplomatiske krisa mellom Saudi-Arabia og Qatar,[12] og for å ha sette i gang ei ny diplomatisk krise med Libanon. I tillegg har han arrestert medlemmar av den saudiske kongefamilien i november 2017.[13]

Han er òg skulda for for å ha gitt ordre til drapet på journalisten Jamal Ahmad Khashoggi.[14][15]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Saudi Gazette 21 juni 2017
  2. «Mohammed bin Salman | Biography, Education, & Facts | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 3. november 2022 
  3. «Saudi Prince Mohammad bin Salman named defense minister», Al Arabiya English (på engelsk), 23. januar 2015, henta 3. november 2022 
  4. NRK (24. juni 2019), «Ett år siden saudiarabiske kvinner fikk lov til å kjøre bil», NRK (på norsk bokmål), henta 3. november 2022 
  5. Lysa, Charlotte (1. november 2021). «Kvinners rettigheter i Saudi-Arabia». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  6. Lysa, Charlotte; Leraand, Dag (29. september 2022). «Mohammed bin Salman». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  7. «Transcript: Interview with Muhammad bin Salman». The Economist (på engelsk). Henta 1. mai 2018. 
  8. "Saudi Arabia Rewrites Succession as King Replaces Heir With Sønn, 31"https://www.nytimes.com/2017/06/21/world/middleeast/saudi-arabia-crown-prince-mohammed-bier-salmann.html.
  9. Mohammed bier Salmann named Saudi Arabia's crown
  10. «Saudi Arabia's Mohammed bin Salman: Reformer and hard-liner | DW | 05.11.2017». DW.COM (på engelsk). Henta 21. juni 2018. 
  11. «Profile: Crown Prince Mohammed bin Salman». www.aljazeera.com. Henta 21. juni 2018. 
  12. «Saudi Crown Prince calls Qatar embargo a 'small issue'». CNN. Henta 1. mai 2018. 
  13. «Mohammed Bin Salman, Saudi Arabia's Prince Of Chaos». Huffington Post (på engelsk). Henta 1. mai 2018. 
  14. Office of the Director of National Intelligence (2021). «Assessing the Saudi Government's Role in the Killing of Jamal Khashoggi» (PDF). 
  15. Reuters (3. oktober 2022). «Saudi prince has immunity in Khashoggi killing lawsuit, say lawyers». Reuters (på engelsk).