Mohenjo-daro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ruinane av Mohenjo-daro.
Mohenjo-daro, Harappa, Lothal og den tidlegare busetninga Mehrgarh på kart med dagens grenser.

Mohenjo-daro (sindhi for 'Daudinge-haugen')[1] er ein arkeologisk funnstad nordvest i Sind i Pakistan. Mohenjo-daro var ein av dei største busetnadane i Induskulturen.[2] Han blei teken med på UNESCO si verdsarvliste i 1980.

Mohenjo-daro ligg vest for Induselva. Byen blei bygd rundt 2500 f.Kr. Han er blant dei eldste større byane ein kjenner til, og var samtidig med sivilisasjonane i det gamle Egypt, Mesopotamia, minoisk Kreta og Norte Chico. Han blei forlaten rundt 1900 f.Kr., då Induskulturen plutseleg gjekk tilbake.

Staden blei gjenoppdaga på 1920-talet. Han er noko betre bevart enn Harappa frå same kultur, og har derfor gjeve meir informasjon om sivilisasjonen som bygde han. Kjende funn herfrå er statuane av ei ung jente («Dancing Girl» eller 'dansejenta') og ein mann («Priest King» eller 'prestekongen').

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gregory L. Possehl (11. november 2002). The Indus Civilization: A Contemporary Perspective. Rowman Altamira. s. 80. ISBN 9780759116429. 
  2. «Mohenjo-Daro: An Ancient Indus Valley Metropolis»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mohenjo-daro