Moher-klippene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Moher-klippene
Land  Irland
Kart
Moher-klippene
52°56′10″N 9°28′15″W / 52.936111111111°N 9.4708333333333°W / 52.936111111111; -9.4708333333333
Wikimedia Commons: Cliffs of Moher

52°56′10″N 9°28′15″W / 52.93611°N 9.47083°W / 52.93611; -9.47083

Utsikt nordover mot O'Brien's Tårn
Utsikt sørover

Moher-klippene (engelsk Cliffs of Moher, irsk Aillte an Mhothair,[1] 'Klippene til ruinen') er nokre kjende klipper ved kysten av County Clare i Irland. Dei ligg ved sørvestenden av platået The Burren,[2][3] og strekkjer seg i 14 km langs kysten.

I sørenenden når dei 120 moh. ved Hag's Head, og 8 km lenger nord når dei den største høgda si på 214 meter like nord for O'Brien's Tower,[4] eit rundt steintårn bygd i 1835 av Sir Cornelius O'Brien,[2][5] før dei blir lågare. Dei næraste busetnadane er landsbyane Liscannor, som ligg 6 km sør, og Doolin 7 km nord.

Klippene er eit viktig turistmål. Herfrå kan ein sjå Aran-øyane i Galway Bay, fjella Maumturks og Twelve Pins i nord og Loop Head i sør.[5] Klippene er ein av dei viktigaste turistattraksjonane på Irland, med rundt 1,5 millionar vitjande kvart år.[6]

Geologi og dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Klippene består for det meste av skifer og sandstein. Ein kan sjå 300 millionar år gamle elve- og bekkefar i dei lågaste delane av landskapet.

På klippene finst kring 30 000 fuglar frå 29 forskjellige arter. Lundefugl hekkar her i store koloniar i utilgjengelege delar av klippene, og på den vesle «Goat Island». Her finst også ravn, hauk, måke, lomvi, storskarv og alpekaie.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Cliffs of Moher». Placenames Database of Ireland. Henta 24. februar 2012. 
  2. 2,0 2,1 «The Cliffs of Moher». myguideireland.com. 
  3. Portrait of Ireland: Landscapes, Treasures, Traditions. Dorling Kindersley Travel Guides. 1. august 2000. ISBN 0-7894-6361-X. 
  4. «Discover Ireland website (official tourism site) – Cliffs of Moher». Discover Ireland. Arkivert frå originalen 9. januar 2010. 
  5. 5,0 5,1 «O'Brien's Tower». CliffsofMoher.ie (Official Site). Henta 7. april 2014. 
  6. «Record numbers visit Cliffs of Moher in 2016 - over 1.42 million visits just to the official visitor centre». Irish Examiner (national newspaper). 4. januar 2017.