Moldedialekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

I Romsdal er det berre ein eigentleg by, Molde, men Åndalsnes har òg bystatus. Hovudforskjellane på romsdalske bygdemål og dialekten i Molde er desse:

På bygdene seier dei «då» og «me», medan dei i Molde seier «da» og «vi».

Bydialekten har forenkla grammatikk og bøyingsmønster i forhold til bygdemåla. Det ser ein mellom anna i pronomena, såleis 2. person fleirtal, der bygdemåla i høvesvis subjektform, objektform og eigeform har /de/, /dåkkå/ og /dåkkå sin/sitt/sine/, mens moldedialekten har /dåkker/, /dåkker/ og /dåkkers/.

Bydialekten har klare og sterke diftongar (tvilydar) der bygdemåla har monoftongisering av ei-lyden i ord som heil og veit og skeiv.

Som all romsdalsdialekt høyrer moldedialekten i hovudsak til vestnorske målføre, nærmare bestemt dei nordlege e-måla. Men dialektane i Romsdal har òg trekk som gjer at dei blir rekna som grensemål mellom vest- og austnorske målføre, såleis mellom anna tjukk l (men ikkje for rd).

Nynorsk skriftmål har ikkje enno slått gjennom i Molde by, sjølv om grunntrekka i moldedialekten sjølvsagt er meir i samsvar med nynorsk skriftmål enn med ordinært «moderat»-konservativt bokmål.