Moldeelva
Hopp til navigering
Hopp til søk
- For elva med same namn i Gulen kommune i Sogn og Fjordane, sjå Moldeelva i Gulen.
Rauma | |
elv | |
Moldeelva i Molde sentrum
| |
Land | ![]() |
---|---|
Fylke | Møre og Romsdal |
Kommune | Molde |
Renn gjennom | Molde |
Lengd | 5 km |
Kjelde | Moldevatnet |
- høgd | 200 moh. |
Munning | Moldefjorden |
- høgd | 0 moh. |
Moldeelva er ei elv som renn gjennom Molde frå Moldevatnet ved kommunegrensa i nord, gjennom bymarka og sentrum, til Fannefjorden i sør.
På vegen nedover vert elva kryssa av bilveg ved Fjellbrua, Kveldrobrua, brua i Moldelivegen, Øvre bru, Fossbrua, Strandgatebrua («Nedre bru») og Solemdalsbrua. Like nedanfor Fjellbrua er vatnet demt opp og utgjer reservekjelde for drikkevatnet i byen.
På 16- og 1700-talet vart det tømmersager langs Moldeelva. I 1909 fekk byen elektrisk lys på grunn av ein kraftstasjon der. Ein ullvarefabrikk har òg nytt godt av elvevatnet.
I samband med gjenoppbygginga etter bybrannen i 1916 vart ein holme i elva bortregulert. Moldeelva vart peikt ut som flaumutsett område i 1998.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Møre og Romsdal fylke. Nærings- og miljøavdelinga. Saksnr. NM–67/98 A: «Kartlegging av flaumutsette område – høyring»
- Statens kartverk. Noregsglasset
- Teleforum. Bedriftsavis for Molde teleområde (1992)