Moldovsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Moldovsk språk)
Moldovsk
limba moldoveneasca eller лимба молдовеняскэ
Klassifisering Indoeuropeisk
 Italisk
  Romansk
   Austromansk
    Rumensk
     Moldovsk
Talarar moldovarar
Bruk
Tala i  Moldova
 Transnistria
 Romania
Moldovsktalande i alt ca. 60 % av innbyggjarane i Moldova og Transnistria
Skriftsystem Det latinske alfabetet og det kyrilliske alfabetet
Språkkodar
Wikipedia på moldovsk

Moldovsk er namnet på det offisielle språket i Moldova. Lingvistisk sett er språket ein dialekt av rumensk, men den moldovske grunnlova av 1994 slår likevel fast at namnet på språket er moldovsk. I den moldovske sjølvstendeerklæringa frå august 1991, vart språket referert til som rumensk. I nyare tid har ein forsøkt å få språknamnet offisielt endra til rumensk fleire gonger, men så langt har ikkje dette ført fram.

I 2004 rekna 60 % av innbyggjarane i Moldova at språket dei snakka, var moldovsk. Språket har fått tildelt eigne iso-kodar, men desse vart tekne bort att i 2002 og erstatta med dei rumenske kodane. Den dialekta som ein snakkar i dei nordaustlege delane av Romania blir også referert til som moldovsk. I tillegg er moldovsk eitt av tre offisielle språk som blir brukt i utbrytarrepublikken Transnistria, på lik linje med russisk og ukrainsk.

Grammatisk sett er det få eller ingen skilnader mellom moldovsk og rumensk. Skilnadene mellom dei to språka ligg hovudsakleg i ordforrådet og i uttalen. Etter å ha lege under Russland og Sovjetunionen, har Moldova fleire russiske låneord enn rumensk har.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Moldovarane har lenge referert til sitt eige språk som moldovsk trass i den store likskapen med rumensk. I 1938, under Stalin-tida vart Moldovsk SSR pålagt å bruka det kyrilliske alfabetet. Dette heldt dei fram med til 1989, då det latinske alfabetet vart offisielt innført. I Romania hadde det latinske alfabetet kome i bruk tidlegare, så det ortografiske skiftet gjorde det mogleg for moldovarane å lesa rumensk tekst utan større vanskar. I dag er det latinske alfabetet det offisielle og vanlege i Moldova, men framleis blir det kyrilliske brukt i Transnistria.

I og med at det finst ein del leksikalske skilnader mellom dei to språka, vart det gjeve ut ei moldovsk-rumensk ordbok i 2003. Lingvistar ved det rumenske akademiet hevda at alle dei moldovske orda i grunnen var rumenske ord eller russiske lånord, og at ordboka var ein absurditet. Dette vart avfeidd frå forfattaren si side som rumensk kolonialisme.

Ei wikipediaside på moldovsk har òg vorte oppretta, og fekk litt over 400 artiklar. Artiklane vart skrivne på det utgåtte kyrilliske alfabetet. Prosjektet skapte meir harme og politisk debatt enn det faktisk opplyste, i og med at moldovske wikipediabrukarar helst var aktive på rumensk wikipedia, som vart skrive med det latinske alfabetet. Etter ei omgåande avstemning vart det vedteke å leggja ned moldovsk wikipedia i 2006.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]