Molitva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Molitva»
Song av Marija Šerifović
ESC 2007 Serbia - Marija Serifovic - Molitva.jpg
Land Serbia
Språk Serbisk
Utgjeve 27. juli 2007 (fysisk)
Sjanger Pop, balkan-ballade
Lengd 03:11
Selskap Connective[1]
Låtskrivar(ar) Vladimir Graić, Saša Milošević Mare

«Molitva» (norsk omsetjing 'bøn') er ein serbiskspråkleg popballade som vann Eurovision Song Contest 2007 for Serbia. Songen vart framført av Marija Šerifović og var komponert av Vladimir Graić, mens Saša Milošević Mare har skrive den serbiske teksta. Dette var det fyrste bidraget til Serbia som sjølvstendig nasjon, etter at unionen mellom Serbia og Montenegro vart oppløyst i juni 2006. Dette var også fyrste gong sidan 1998 at vinnarlåten ikkje inneheldt engelsk tekst. «Molitva» var dessutan den fyrste balladen til å vinne tevlinga etter at telefonavrøysting vart brukt i full skala i 1998.[2]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

I tevling med 19 andre songar vann «Molitva» den serbiske finalen, Beovizija, 8. mars 2007. Songen vart dimed det fyrste serbiske bidraget til Eurovision Song Contest i Helsingfors i mai samme år. Serbia hadde rett nok delteke som ein del av Jugoslavia i åra 19611992, og som ein del av Serbia og Montenegro i åra 20042006. Men 2007 var fyrste deltaking som sjølvstendig nasjon.

I Eurovision Song Contest vann «Molitva» semifinalen torsdag 10. mai og var dimed kvalifisert til finalen laurdag 12. mai. I finalen var «Molitva» det 17. bidraget ut på scena av 24 bidrag. Framsyninga var på mange måtar utypisk for Eurovision Song Contest, med ein nedtona koreografi og utan bruk av kostyme, pyroteknikk eller andre showeffektar. Songen vart dimed ein sterk kontrast til vinnaren frå året før – hardrockgruppa Lordi og «Hard Rock Hallelujah».

Under avrøystinga tok Serbia leiinga, i hard tevling med Russland og Ukraina. «Molitva» fekk 12 poeng frå ni land og enda på 268 poeng33 poeng foran Ukraina på andreplass. Noreg gav 10 poeng til Serbia.[3]

Etter sigeren[endre | endre wikiteksten]

Eit par månadar etter Eurovision Song Contest vart «Molitva» gjeven ut i ni ulike versjonar, og på fire forskjellige språk. Den engelske versjonen hadde fått tittelen «Destiny» og den russiske heitte «Молитва» (Molitva). Ein finsk versjon vart framført av gruppa Beauty Queens og hadde tittelen «Rukoilen». Ein eigen dance-remix vart gjeven av den svenske tv-personlegdomen Jovan Radomir, som også skreiv den engelske teksta til songen.

«Molitva» vart ingen stor kommersiell suksess etter sigeren, og den kom ikkje inn på norske VG-lista. Songen dukka også berre opp på eit par hitlister i Vest-Europa.

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2007) Høgaste
plassering
Veker
på lista
Debutdato
Flag of Belgium (civil).svg Belgia, Flandern (Ultratip)[4] 54 4 19. mai 2007
Flag of Switzerland.svg Sveits (Schweizer Hitparade)[5] 19 2 27. mai 2007
Flag of Sweden.svg Sverige (Sverigetopplistan)[6] 9 3 17. mai 2007

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Marija Šerifović ‎– Molitva - Love Prayer». Discogs.com. Henta 28. februar 2017. 
  2. «Eurovision Song Contest 2007 Final». eurovision.tv. Henta 28. februar 2017. 
  3. «Eurovision Song Contest 2007 Final – Scoreboard». eurovision.tv. Henta 28. februar 2017. 
  4. «Molitva – Ultratip». ultratop.be. Henta 28. februar 2017. 
  5. Hung, Steffen. «Marija Šerifović ‎– Molitva – hitparade.ch». www.hitparade.ch. Henta 28. februar 2017. 
  6. «Marija Šerifović ‎– Molitva (Song)». swedishcharts.com. Henta 28. februar 2017.