Moltustranda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Moltustranda
stad
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Herøy
Areal 0,63 km²
Folketal 444  (2023)
Folketettleik 705 / km²
Postnummer 6076 MOLTUSTRANDA
Kart
Moltustranda
62°17′36″N 5°37′26″E / 62.29333333°N 5.62388889°E / 62.29333333; 5.62388889

Moltustranda er ei kystbygd og ein tettstad med 444 innbyggjarar per 1. januar 2023 i Herøy kommune på Sunnmøre. Bygda ligg på nordsida av Gurskøya mot Herøyfjorden og er 7 kilometer lang frå ende til annan.

Moltu Skule har 54 elevar frå 1-7. klassetrinn. På Moltustranda er det også ein Coop-butikk, med ein eigen sosial krok i butikken for folk som vil slå av ein prat.

Bygda har eige idrettslag, Moltustranda IL, der fotballen står sentralt. Fotballaget spelar i 5. divisjon, og klubben har også eit aldersbestemt lag. Idrettsanlegget heiter Munkvoll stadion, og består av ei grasbane og ei grusbane.

Ved sidan av Munkvoll stadion står grendahus i bygda, der innbyggarane kan ha sosiale samankomstar som julefestar, 17. mai-feiring, dansar, konsertar og bygdedagar. Moltustranda har også eit anna forsamlingshus, nemleg Bedehuset, med lokalitet midt i bygda.

Bygda hadde tidlegare eige skulekorps, men har det siste tiåret hatt skulekorps saman med nabobygdene.

Skrivemåten av namnet var tidlegare Moldtustranda med d.

Fv10 i Møre og Romsdal går gjennom bygda.

Kjende personar frå Moltustranda[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.