Mona Nilsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mona Nilsen
Fødd17. september 1973 (50 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Mona Nilsen (fødd 17. september 1973) er ein barnevernspedagog og politikar frå Narvik. Frå 2021 representerer ho Arbeidarpartiet og Nordland fylkeStortinget.

Nilsen var 2005-15 fylkesleiar i Fellesorganisasjonen i Nordland. Perioden 2015–2019 var ho kommunestyremedlem i Narvik, deretter fylkestingsmedlem 2019–21 i Nordland. Til stortingsvalet 2021 stod ho som nummer 2 på vallista til Nordland Arbeidarperti og kom dermed trygt inn på Tinget. På Stortinget vart ho plassert i Finanskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]