Mona Solbakk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mona Solbakk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. oktober 1971 (52 år)
Tana kommune Sjå dette på Wikidata
Yrke journalist, redaktør

Mona Solbakk (fødd 28. oktober 1971 i Tana) er ein norsk samisk journalist og redaktør, og divisjonsdirektør for NRK Sápmi sidan 1. september 2015.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Solbakk er fødd og oppvakse i Båteng i Tana kommune i Finnmark. Ho er gift med samepolitikaren Geir Tommy Pedersen.[2]

Solbakk har arbeidd som journalist og redaksjonell leier store delar av yrkeslivet sitt. Ho vart første gong tilsett som journalistpraktikant i NRK 1992, og etter journalistutdanninga si i 1996 vart ho tilsett som journalist ved NRK Sápmis lokalkontor i Kåfjord. I 2003 fekk ho stilling som magasinredaktør i NRK. I 2005 vart ho tilsett som programredaktør og stadfortredande sameradiosjef. Ho har i perioden 2007 til 2015 vore kommunikasjonssjef ved Universitetet i Tromsø og leiar for Davvi álbogiid guovddáš/ Senter for nordlege folk i Kåfjord .[3][4]

Verv[endre | endre wikiteksten]

  • 2000-2003 Leiar og nestleiar for Samisk journalistforening
  • 2002-2003 Styremedlem i NRKs journalistlag
  • 2010-2012 Styremedlem i Kommunikasjonsforeningen Nord-Norge
  • 2011-2015 Styremedlem i Sámi áviisa Ávvir
  • 2013-2014 Styremedlem i studentavisa Utropia

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nå har Mona Solbakk tatt over som direktør for NRK Sápmi». NRK. 3. september 2015. Henta 10. februar 2017. 
  2. «Geitebonden må løpe naken inn fra fjøset». www.nordlys.no (på norsk). 10. november 2013. Henta 17. april 2019. 
  3. «Mona Solbakk». LinkedIn.com. Henta 10. februar 2017. [daud lenkje]
  4. «Ny daglig leder på plass». Senter for nordlige folk. 24. januar 2014. Arkivert frå originalen 11. februar 2017. Henta 10. februar 2017.