Mona da Vinci

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mona da Vinci
Studioalbum av Tangerine Dream
Utgjeve 3. august 2011
Innspelt 2011
Sjanger
Lengd 42:12
Selskap Eastgate
Produsent Edgar Froese
Tangerine Dream-kronologi
Live at the Lowry
(2011)
Mona da Vinci Finnegans Wake
(2011)


Mona da Vinci er det 131. albumet totalt og det 54. studioalbum til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i mai 2011.[1]

Dette er den femte plata i ein serie omtalt som «cupdiscs», der lengda er kring 40 minutt, som er typisk for lengda på ei LP-plate. Platene kom i eit enkelt pappomslag i staden for det vanlege CD-omslaget i plast, men akkurat denne plata kom ut i vanleg CD-omslag. Så langt består serien av 11 plater.

Albumet består av seks spor komponerte av Edgar Froese. Tittelsporet skulle opphavlege vere meint for albumet The Endless Season. «Phantoms and Oracles» er ein alternativ versjon av sporet «Midas Touch» som kom ut på The Hollywood Years Vol. 2 i 1998. Zlatko Perica, som var i bandet på den tida i 1998, speler gitarsolo på denne versjonen på Mona da Vinci, så det er truleg at innspelinga òg er frå den tida.[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd
1.«Calumet»5:30
2.«Morpheus' Light»10:44
3.«Phantoms and Oracles» (gitarversjon)6:28
4.«Mona da Vinci»7:08
5.«In the Storm of Serenity»7:39
6.«Hunting for Illusions»4:43

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «The Gate of Saturn». Voices in the Net. Henta 23. juli 2020.