Monach Islands

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 57°31′N 7°40′W

Plasseringa til Monach Islands

Monach Islands, òg kalla Heisker (skotsk-gælisk Eilean Heisgeir / Heisgeir), er ei øygruppe vest for North Uist i Ytre Hebridane i Skottland. Øyane må ikkje forvekslast med Hyskeir i Indre Hebridane eller Haskeir som òg ligg utanfor North Uist og som ein kan sjå frå øygruppa.

Geologi og geografi[endre | endre wikiteksten]

Loch nam Buadh på Ceann Ear, med ruinane av landsbyen og eit nonnekloster i bakgrunnen

Dei største øyane er Ceann Ear (ein gong låg eit nonnekloster her), Ceann Iar og Shivinish som alle heng saman ved lågvatn. Det er sagt at ein gong var det mogeleg å gå til Baleshare og til North Uist, 8 km borte. På 1400-talet skal ei stor bølgje ha vaska denne landbrua bort.[1] Øyane er stort sett lågtliggande og sanddekte, og er utsette for kraftig kysterosjon.

Mindre øyar i gruppa er Deasker (Deas-Sgeir), Shillay (Siolaigh) og Stocaigh (Stockay).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei to fyra på Siolaigh. Det gamle fyret vart overflødig i 1942; det nyare fyret kom i drift i 1997.

Øyane har stått utan innbyggjarar sidan 1948, men var busette av opp til 100 menneske i fleire hundreår fram til 1810. Dei vart opphavleg forlatne på grunn av overbeiting, men vart busette på ny etter Highland clearances.[1]

Shillay (Siolaigh) står eit lite fyr, som vart nedlagt i 1943.[2]

I 2007 vart det gamle skulehuset renovert og vert i dag utleigd til turistar.

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Øyane er eit nasjonalt naturreservat[3] med urørt natur og ein del gråsel. Om lag 10 000 sel går på land kvar haust for å pare seg og yngle, og er ein av dei største selkoloniane i verda.[4] Her finst òg mykje hekkande sjøfugl og eit rikt planteliv. Gråhegre hekkar i nokre av dei tomme bygningane.[5]

Det er ingen tre på øyane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.
  2. «Monach Lighthouse». Northern Lighthouse Board. Arkivert frå originalen 7. august 2009. Henta 27. februar 2010. 
  3. «Monach Islands». Arkivert frå originalen 10. oktober 2007. Henta 27. februar 2010. 
  4. «Monach Islands». Western Isles Guide Book. Henta 27. februar 2010. 
  5. Murray, W.H. (1966) The Hebrides. London. Heinemann. s. 205.