Monaco

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Principauté de Monaco ('Fyrstedømet Monaco')

(norsk: Monaco, monegaskisk)

Det monegaskiske flagget
Flagg
Nasjonalsong «Hymne Monégasque»
Motto Deo Juvante (Med hjelp av Gud)
Geografisk plassering av Monaco
Offisielle språk fransk
Hovudstad Monaco [1]
Styresett
Fyrstedøme
Albert II
Michel Roger
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
1,96 km² (197.)
Ubetydeleg
Folketal
 – Estimert (2015)
 – Folketeljing (2000)
 – Tettleik
 
30 645 (194.)
32 020
15 635,2 /km² (1.)
Sjølvstende
  - Erklært
  - Tapt
Sjølvstende
  - Attvunne
Frå Republikken Genova
8. januar 1297
1789
Frå Frankrike
1814
Nasjonaldag 19. november
BNP
 – Totalt (2013)
 – Per innbyggjar
 
6 790 mill. USD (160.)
85 700 USD (6.)
Valuta Euro
Tidssone UTC +2
Telefonkode +377
Toppnivådomene .mc
  1. Sidan Monaco er ein bystat har han ikkje ein eigen hovudstad. Monaco-Ville vert ofte feilaktig rekna som hovudstaden, men er i røynda berre ein bydel.Monaco territory and general description from the official government website

2 Monaco er ein bystat.
3Tala for BNP er omtrentlege. Monaco publiserer ikkje offisielle tal.

Fyrstedømmet Monaco (Munegu på det lokale talemålet) er den nest minste sjølvstendige staten i verda. Berre Vatikanstaten er mindre. Monaco ligg mellom Frankrike og Middelhavet på den franske rivieraen (Cote d'Azur). Landet er hovudsakleg ein bystat. Monaco er det tettast folkesette landet i verda med litt over 32 500 innbyggjarar fordelt på berre 1,96 km².

Historie[endre | endre wikiteksten]

Monte Carlo
Fyrstedømet Monaco

Monaco har opphavet sitt som ein fønikisk gresk koloni på 500-talet fvt. og kolonien vart kalla Monoikos frå det greske Μόνοικος som tyder «enkelt hus». I følgje ei myte i antikken passerte Herkules gjennom Monaco. Det vart reist eit tempel her av fønikarane ti ære for Herkules, kalla Herkules Monoikos[1].

Keisar Henrik VI av Det tysk-romerske riket gav landområdet til Republikken Genova i 1191, som grunnla staden på nytt i 1228 som ein koloni. Monaco har vore styrt av Huset Grimaldi sidan 1297, då François GrimaldiMalizia», italiensk for «den vondskapsfulle») kledde seg ut som ein fransiskanarmunk, fekk snike seg inn i festninga på den kjende Roche de Monaco og opna portane for soldatane sine.

Frå 1793 til 1814 var Monaco under fransk kontroll. Wienerkongressen gav Monaco som eit protektorat til Kongedømet Sardinia frå 1815 og fram til 1860 då området rundt Nice (og Savoie) etter Torinotraktaten vart avstått til Frankrike. På denne tida var det uro i byane Menton og Roquebrune, som erklærte seg sjølvstendige og håpa på annektering frå Sardinia. Uroa heldt fram til den herskande fyrsten gav opp kravet sitt over dei to byane (om lag 95 % av landet) mot ei betaling på fire millionar franc. Denne overføringa og suvereniteten til Monaco vart respektert gjennom den fransk-monegaskiske avtalen i 1861

Fram til grunnlova i 1911 var fyrstane av Monaco eineherskarar. I juli 1918 vart det signert ein avtale om avgrensa fransk vern av Monaco. Avtalen, ein del av Versaillestraktaten, gjorde at den monegaskiske utanrikspolitikken vart styrt av franske politiske, militære og økonomisk interesser.

I 1943 invaderte og okkuperte den italienske hæren Monaco og innførte ein fascistisk administrasjon. Kort tid etter kollapsa styret til Mussolini i Italia og Nazi-Tyskland okkuperte Monaco og deporterte kort tid etter dei jødiske innbyggjarane, mellom anna René Blum (Paris, 13. mars 1878 - Auschwitz, 30. april 1943), som grunnla Ballet de l'Opera i Monte Carlo.

Rainier III av Monaco tok over trona etter at bestefaren Ludvig II døydde i 1949. Ei ny grunnlov, erklært i 1962, avskaffa dødsstraff, gav kvinnene stemmerett og oppretta ein høgsterett for å garantere for fundamentale fridomar. I 1993 vart Monaco eit medlemsland i Dei sameinte nasjonane med full stemmerett.

I 2002 vart det signert ein ny avtale mellom Frankrike og Monaco som avklarte at om alle arvingar til fyrstedømet skulle falle bort, skulle fyrstedømet bli verande sjølvstendig og ikkje gå tilbake til Frankrike. Forsvaret av Monaco vart framleis verande Frankrike sitt ansvar.

31. mars 2005 hadde fyrst Rainier III vorte for sjuk til å halde fram oppgåvene sine og gav dei vidare til son sin fyrst Albert, marki av Baux. 6. april 2005 døydde fyrst Rainier. Fyrst Albert II av Monaco tok formelt over trona den 12. juli 2005. Albert II er son av den avdøydde skodespelerinna og fyrstinna Grace Kelly.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1911 har Monaco vorte styrt som eit konstitusjonelt monarki med fyrsten som statsoverhovud. Statsministeren er den utøvande makta, han styrar ei regjering på fire personar. Statsministeren er ein fransk statsborgar utnemnd av Fyrsten blant kandidatar føreslått av dei franske styresmaktene. Etter 1962-grunnlova deler fyrsten makta si med det tokamra nasjonalrådet, som vert vald for fem år av gongen.

Byen Monaco vert styrt av kommunestyret med 15 valde representantar leia av borgarmeisteren.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Flyfoto av Monaco
For meir om dette emnet, sjå Monegaskisk geografi.

Monaco er etter Vatikanstaten det minste landet i verda. Det ligg ved Middelhavet, nær grensa til Italia og er omringa av Frankrike på tre sider.

Monaco består nesten berre av byområde. Monaco er delt inn i fire bydelar (quartiers), Monaco-Ville (gamlebyen), La Condamine (hamneområdet), Monte Carlo (det viktigaste bustadområdet og kasinoet) og Fontvieille (nybygd). Det høgeste punktet i Monaco (161 m.o.h.) ligg langs gangvegen Chemin des Révoires.

Quartiers[endre | endre wikiteksten]

Areal og folkemengd (ved folketeljinga 23. juli 2000)

Heile Monaco: 1,948 km² - 32 020 innb.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Monaco

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. Strabios, Geografi, Gaul, 4.6.3 på LacusCurtious