Monfalcone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cruiseskipet Queen Elizabeth, her i Geirangerfjorden i 2011, er bygt ved Fincantieri sitt skipsverft i Monfalcone

Monfalcone er ein by og ein kommune i provinsen Gorizia i regionen Friuli-Venezia Giulia i Italia. Kommunen har i kring 28 000 ibuarar og eit areal på 20,5 km². Byen ligg ved Triestebukta.

Monfalacone er eit større industrisenter med bygging av skip og fly, samt tilverking av tekstilar, kjemiske produkt og oljeraffineri. Byen er særleg kjend for bygging av store cruiseskip.

Etter napolenskrigane låg Monfalcone under Austerrike. Italienske styrkar erobra byen i 1915. To år seinare tok Austerrike byen tilbake, men etter verdskrigen fekk Italia råderetten over byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]