Monica Mæland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Monica Mæland
none  Monica Mæland i 2013.Foto: Nina Aldin Thune
Monica Mæland i 2013.
Foto: Nina Aldin Thune
Fødd 6. februar 1968 (49 år)

Bergen

Parti Høgre
Yrke Advokat
1. verv Norsk næringsminister
 - periode 17. oktober 2013–
 - regjering Solberg
 - føregjengar Trond Giske
2. verv Leiar av byrådet i Bergen
 - periode 27. oktober 2003–17. oktober 2013
 - føregjengar Anne-Grete Strøm-Erichsen
 - etterfylgjar Ragnhild Stolt-Nielsen
3. verv Leiar av Hordaland Høgre
 - periode 16. mars 2002–20. mars 2004
 - føregjengar Øyvind Halleraker
 - etterfylgjar Nils Marton Aadland

Monica Mæland (fødd 6. februar 1968)[1] er ein norsk politikar frå Høgre og næringsminister i regjeringa Solberg frå 2013.[2]

Frå 2003-2013 var Mæland byrådsleiar i Bergen, og sidan 2010 er ho medlem av arbeidsutvalet i Høgres Hovudorganisasjon.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Monica Mæland er fødd i Bergen og oppvaksen i Arendal. Ho er utdanna cand. jur. frå Universitetet i Bergen (1994), og dreiv eigen advokatpraksis fram til ho vart kommunalråd i Bergen i 1999. Ho er gift med Tom Schmidt Mæland, og saman har dei to barn.

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Mæland vart innvald i Bergen bystyre i 1999, og var medlem av bystyret fram til ho vart byrådsleiar i 2003. Det første byrådet hennar vart vald av Bergen bystyre 27. oktober 2003, og var eit mindretalsbyråd samansett av Høgre, KrF og Venstre. 29. oktober 2007 danna ho eit fleirtalsbyråd samansett av Høgre, KrF og Framstegspartiet.

Dronning Sonja (i midten) gjekk saman med byråd for miljø og byutvikling Lisbeth Iversen (til venstre) og byrådsleiar Monica Mæland (til høgre) inn på bybanevogn nr. 205 klokka 12.05 den 22. juni 2010.
Foto: Jonny Eriksen

Mæland er den andre byrådsleiaren i Bergen etter at byen innførte parlamentarisme som styreform i 2000. Ho er med dét også den einaste byrådsleiaren som har vunne attval.

Frå 16. mars 2002 til 20. mars 2004 var Monica Mæland leiar i Hordaland Høgre. Før det var ho første nestleiar frå 17. februar 1997.

9. mai 2010 vart Mæland vald inn i arbeidsutvalet i Høgres Hovedorganisasjon.

Politiske saker[endre | endre wikiteksten]

Kommuneøkonomi[endre | endre wikiteksten]

I 2003 gjekk Bergen Høgre til val med opprydding i kommuneøkonomien som viktigaste sak. Partiet lova å betale ned det oppsamla underskotet til kommunen i løpet av fireårsperioden. Då det første byrådet til Mæland overtok i 2003 viste prognosane at kommunen ville ha eit oppsamla underskot på nær éin milliard kroner.[3]

I det første budsjettet til Mæland I-byrådet vart det kutta 142 millionar kroner i kommunen sitt driftsbudjett for 2004.[4]

Etter to år kunne byrådet legge fram ein rekneskap for 2005 som viste eit driftsoverskot på 445 millionar kroner[5]. Rekneskapen for 2006 viste eit overskot på 619 millionar kroner, det største overskotet i historia til Bergen kommune.[6]

I 2007 var det oppsamla underskotet nedbetalt[7], og 13. august 2007 kunngjorde Fylkesmannen i Hordaland at Bergen kommune vart fjerna frå ROBEK-lista til Kommunal- og regionaldepartementet.[8]

Bybana i Bergen[endre | endre wikiteksten]

Bygginga av Bybana i Bergen er ein del av samferdslepakka Bergensprogrammet, og det største samferdsleprosjektet innanfor kommunegrensene til Bergen kommune nokon gong. Bergensprogrammet vart vedteke av Bergen bystyre i 1999, med støtte frå Høgre, Ap og KrF. Bergensprogrammet vart teke inn i Nasjonal Transportplan i 2002.

Det første Mæland-byrådet sendte til Stortinget bompengesøknad for finansiering av det første trinnet av Bergensprogrammet, og arbeidet starta i januar 2008. Bybana vart opna av HM Dronning Sonja 22. juni 2010.[9]

I april 2009 sende Mæland II-byrådet søknad om vidare finansiering av Bergensprogrammet, og med dette den neste bybanetraseen, frå Nesttun til Rådal.[10]

Oppussing av skulebygg[endre | endre wikiteksten]

Før valet i 2007 erklærte Monica Mæland at skule skulle vere den viktigaste saka for Høgre i den følgjande valperioden.[11] Mæland II-byrådet sette av 415 millionar kroner til oppussing av skulebygg i Bergen i 2009 og 2010.[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Monica Mælands Curriculum Vitae (pdf-fil), Bergen kommune, 7. desember 2007
  2. Næringsminister Monica Mæland (H). Regjeringa. Vitja 2017-06-03.
  3. Gir til de små, tar fra de eldre, Bergens Tidende, 23. september 2003
  4. Byrådet slakter kjepphestene, Bergens Tidende, 2. desember 2003
  5. 445 millioner i pluss for Bergen, Bergens Tidende, 12. februar 2006
  6. Vest er verst i kommuneøkonomi, Bergens Tidende, 3. august 2007
  7. Friele vil male Høyre grønt, Bergens Tidende, 4. mai 2007
  8. Ikke lenger svartelistet, Bergens Tidende, 13. august 2007
  9. Bybanekontoret, Bybanekontoret i Bergen
  10. Nå stopper Bybanen opp Bergensavisen, 15. november 2009
  11. Mæland om skole, Bergens Tidende, 16. august 2007
  12. Vi pusser opp skolene, Bergen kommune, 28. januar 2009

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]