Monika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om kvinnenamnet. For songen, sjå Mónika.
Glasmåleri av heilage Monica og sonen Augustin i Santa Monica-katedralen i Iquitos i Peru.

Monika og Monica er kvinnenamn av latinsk eller fønikisk opphav. Tydinga av namnet er ikkje fastsett, men det kan koma av gresk monos, 'åleine', eller latinsk monere, 'gje råd'.

Brasiliansk gut med ei amme, slavekvinna Mônica, i 1860.

Monika og kortforma Mona har namnedag den 4. mai i Noreg, Sverige og på Færøyane. Heilage Monika, mor til kyrkjefaren heilage Augustin, har festdag den 27. august, og har gjort namnet utbreidd i den kristne verda.

Monique er ei fransk form av namnet.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Namna var mykje brukt i Noreg siste halvdelen av 1900-talet, med ein topp på 1970-talet. I 2009 var det 11 742 norske kvinner som heitte Monica og 2 913 som heitte Monika.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Tennisspelaren Monica Seles.

Annan bruk[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]