Monika Fagerholm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Monika Fagerholm
Monika Fagerholm 02.jpg
Monika Fagerholm ved Bokmässan i 2019
Fødd 26. februar 1961 (60 år)
Helsingfors
Yrke skribent
Språk svensk
Påverka av Kerstin Ekman, Inger Edelfeldt, Doris Lessing, Tennessee Williams.[1]
Periode 1987—
Debut 1987
Monika Fagerholm på Commons

Monika Fagerholm (fødd 26. februar 1961 i Helsingfors) er ein finlandsksvensk forfattar.[1]

Fagerholm debuterte som forfattar med novellesamlinga Sham i 1987 og fekk gjennombrotet sitt med romanen Underbara kvinnor vid vatten i 1994.[2]

Ho mottok Nordisk Råds litteraturpris 2020 for romanen Vem dödade bambi? som har seksuell vold som tema.[2]

Monika Fagerholm er utdanna psykolog og kandidat i litteratur frå Helsingfors universitet i 1987. Ho har også arbeida som omsetjar og som medredaktør på KLO, eit litteraturtidsskrift for unge. I dag er ho busett i den finske byen Ekenäs.[1]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1987: Sham (novellesamling)
  • 1990: Patricia
  • 1994: Underbara kvinnor vid vatten (roman), filmatisert 1998[3]
  • 1998: Diva (roman)
  • 2005: Den amerikanska flickan (roman). På norsk: Den amerikanske jenta (Oktober forlag) ISBN13 9788249508334
  • 2009: Glitterscenen (roman)
  • 2012: Havet
  • 2012: Lolauppochner (roman). På norsk: Lola oppned (Oktober forlag) ISBN13 9788249511617
  • 2019: Vem dödade bambi? (roman). På norsk: Hvem drepte bambi? (Oktober forlag) ISBN13 9788249522408

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Marie Hauge Lykkegaard. «Monika Fagerholm». forfatterweb.dk. DBC. Henta 15. januar 2021. 
  2. 2,0 2,1 «Hun slog Yahya Hassan: Vinder af vigtig pris gør dig klogere på sex, vold og MeToo». DR. 28. oktober 2020. Henta 15. januar 2021. 
  3. «Underbara kvinnor vid vatten (1998)». Svensk Filmdatabas. Svenska Filminstitutet. Henta 15. januar 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Monika Fagerholm