Monika Kaserer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Monika Kaserer
Fødd 11. mai 1952
Neukirchen am Großvenediger
Yrke alpinist

Monika Kaserer (fødd 11. mai 1952) er ein austerriksk tidlegare alpin skirennar frå Neukirchen am Großvenediger i forbundslandet Salzburg som var ein av dei beste kvinnelege alpinistane på 1970-talet. Ho vart nummer to i verdscupen i alpine greiner både i 1973 og 1974, og vann ein VM-medalje både i 1974 og 1978.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kaserer OL-debuterte under vinterleikane 1972 i Sapporo, der ein sjuandeplass i slalåm var hennar sterkaste prestasjon. Plasseringane i dei tre OL-øvingane gav henne fjerdeplassen i kombinasjon, ei VM-øving som ikkje stod på OL-programmet.

Mellom januar 1973 og februar 1977 vann Kaserer ti renn i verdscupen i alpine greiner, åtte av dei i spesialgreina storslalåm. Ho vart nummer to i verdscupen i alpine greiner 1973 og i 1974, begge gongane slått av landskvinna Annemarie Moser. Gjennom seks sesongar, 1972-77, var Kaserer ein av dei tre beste kvinnelege storslalåm-utøvarane i verda, men einast i 1973-sesongen gjekk ho heilt til topps i kampen om FIS-pokalen i storslalåm. Frå desember 1971 til januar 1978 stod ho i alt 42 gongar på pallen etter verdscuprenn.

I VM i alpine greiner 1974 i St. Moritz vart Kaserer nummer fire i utfor, fem i storslalåm og sju i slalåm. Samanlagt gav desse prestasjonane henne bronsemedaljen i kombinasjonen, få poeng etter gullvinnar Fabienne Serrat frå Frankrike, og sølvvinnar Hanni Wenzel frå Liechtenstein.

Kaserer kom på sjetteplass i storslalåm då Vinter-OL 1976 vart avvikla i hennar heimland, i utfor vart ho nummer ni i Innsbruck-leikane To år seinare, under VM i alpine greiner 1978 i Garmisch-Partenkirchen, tok ho bronsemedaljen i slalåm. Ho var einast fire hundredels sekund bakom sølvvinnar Pamela Behr. Kaserer si landskvinne, Lea Sölkner, vann gullmedaljen.

Etter eit par sesongar der ho ikkje makta kjempe om dei gjævaste plasseringane, la Kaserer opp i 1980.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar