Monika Liubinaitė

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Monika Liubinaitė
Monika Liu, May 2022.png
Fødd9. februar 1988 (34 år)
FødestadKlaipėda
FødenamnMonika Liubinaitė
AliasMonika Liu
OpphavLitauen
Aktiv2004–
Sjangerpop, jazz, elektropop
Instrumentvokal, piano, fiolin
Verka somsongar og låtskrivar

Monika Liubinaitė (fødd 9. februar 1988), kjend profesjonelt som Monika Liu, er ein i litauisk songar og låtskrivar. Ho representerte Litauen i Eurovision Song Contest 2022 med songen «Sentimentai».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Liubinaitė var fødd og vaks opp i kystbyen Klaipėda i Litauen og byrja med musikk allereie frå ung alder. Som femåring byrja ho med fiolinundervisning, og nokre år seinare byrja ho å syngje, og å delta i lokale songtevlingar.[1]

Seinare studerte Liubinaitė musikk ved Klaipėda universitet. Etter studia flytta ho til Boston i USA for å studere ved Berklee College of Music. Seinare flytta ho til London for å jobbe vidare med musikken. Ho bur no heime i Litauen, i hovudstaden Vilnius, og har utgjeve ei rekkje singlar og album. Liubinaitė er fire gongar nominert til en M.A.M.A.-pris, det litauiske svaret på Spellemannprisen, og ho har vore dommar i tv-program som litauiske The Voice og Maskorama.[2]

I februar 2022 deltok Liubinaitė i den litauiske songtevlinga Pabandom iš naujo 2022LRT televizija med sin eigenkomponerte låt «Sentimentai». Ho vann finalen 12. februar med toppoeng i både jury- og telefonavrøystinga.[1] Gjennom sigeren fekk ho representere Litauen i Eurovision Song Contest 2022 i Torino, der ho vart nummer 14.[3][4]

Liubinaitė beskriv sjølv musikkstilen sin som elektropop og har vorte samanlikna med den islandske artisten Björk.[1]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

  • 2015 – I Am
  • 2019 – Lünatik
  • 2020 – Melodija

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 2017 – «Hello»
  • 2019 – «Komm zu mir»
  • 2019 – «Resist No More»
  • 2019 – «Falafel»
  • 2019 – «No Matter What»
  • 2019 – «Sometimes I Loved You Sometimes You Loved Me»
  • 2019 – «Detective»
  • 2019 – «I Wanna Be a Man»
  • 2019 – «I Got You»
  • 2019 – «Vaikinai trumpais šortais»
  • 2020 – «Troškimas»
  • 2022 – «Sentimentai»
  • 2022 – «Bossa»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Lithuania: Monika Liu wins Pabandom iš naujo – To Eurovision 2022 with "Sentimentai"». Eurovisionworld (engelsk). 12. februar 2022. Henta 13. februar 2022. 
  2. «Monika Liu wins Pabandom iš Naujo! 2022 in Lithuania with "Sentimentai"». wiwibloggs (engelsk). 12. februar 2022. Henta 13. februar 2022. 
  3. «Monika Liu will take 'Sentimentai' to Eurovision for Lithuania 🇱🇹». Eurovision.tv (engelsk). 12. februar 2022. Henta 13. februar 2022. 
  4. «Monika Liu - Lithuania - Turin 2022». Eurovision.tv (engelsk). Henta 19. mai 2022.