Monika Pflug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Monika Pflug


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 1. mars 1954 (70 år)
München
Idrett lengdeløp på skeiser
Tok del i

Vinter-OL 1984, Vinter-OL 1988, Vinter-OL 1976, Vinter-OL 1980, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1972 – 1000 meter damer

Monika Pflug (fødd 1. mars 1954) er ein tysk tidlegare skeiseløpar frå München som representerte Vest-Tyskland. Ho vart olympisk meister på 1000 meter i 1972 og sprint-verdsmeister same sesongen.

Pflug vann gullmedaljen på 1000 meter under dei olympiske vinterleikane 1972 i Sapporo, framom Atje Keulen-Deelstra frå Nederland. Vel to veker seinare, enno ikkje fylt 18 år, vart ho verdsmeister i sprint etter fire gode distanseløp i svenske Eskilstuna. Både i 1973 og 1974 enda ho på tredjeplassen i sprint-VM. Åtte år seinare vart ho på ny nummer tre under Sprint-VM 1982 i Alkmaar.

Pflug la opp etter OL-sesongen 1988.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]