Hopp til innhald

Monolith Soft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Monolith Soft


Org.formKabushiki kaisha
BransjeDataspelindustrien
Skipa1. oktober 1999
EigarNintendo
MorselskapNintendo
HovudkontorTokyo
LandJapan
ProduktXenosaga
Grunnleggjar(ar)Tetsuya Takahashi
Nettstadhttps://www.monolithsoft.co.jp/ (japansk)

Monolith Software Inc.[a], drive under namnet Monolith Soft, er eit japansk utviklarstudio av dataspel opphavleg eigd av Namco (seinare Bandai Namco) fram til det vart kjøpt opp av Nintendo i 2007. Selskapet vart grunnlagt i 1999 av Tetsuya Takahashi med stønad frå og i samarbeid med Masaya Nakamura, grunnleggjaren av Namco. Det første prosjektet deira var Xenosaga-serien, ein spirituell oppfølgjar til det Square-utvikla Xenogears. Fleire tilsette frå Square ville slutta seg til Takahashi i Monolith Soft inkludert Hirohide Sugiura og Yasuyuki Honne.

I tillegg til Xenosaga-serien, har Monolith Soft arbeidd på andre prosjekt som Baten Kaitos og Namco × Capcom, forløparen til serien Project X Zone, i tillegg til å hjelpa til med andre prosjekt hjå andre utviklarar. Per 2019 driv Monolith Soft fire studio. Hovudstudioet ligg i Meguro i Tokyo og produserer spel knytte til merkevarene eigd av selskapet sjølv, sekundærstudioa Nakameguro GS og Osaki Studio ligg òg i Tokyo, og eit studio ligg i Kyoto som fungerer som ein assisterande utviklar for spel både frå Monolith Soft og Nintendo.

  1. Japansk 株式会社モノリスソフト (Hepburn Kabushiki gaisha Monorisu Sofuto)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]