Monotropa uniflora

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Monotropa uniflora
Monotropa uniflora
Monotropa uniflora
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Lyngordenen Ericales
Familie: Lyngfamilien Ericaceae
Underfamilie: Monotropoideae
Slekt: Vaniljerotslekta Monotropa
Art: M. uniflora
Vitskapleg namn
Monotropa uniflora

Monotropa uniflora er ein plante i vaniljerotslekta i lyngfamilien. Han er ein fleirårig staudeplante som veks spreidd i tempererte område frå Udmurtia i europeisk Russland til Asia, Nord-Amerika og nordlege Sør-Amerika.[1]

Planten kan vera heilt kvit på farge eller ha svarte flekkar og ein lyserosa farge.[2] Som vaniljerot skil planten seg frå dei fleste andre plantar ved å mangla klorofyll. I staden for å driva fotosyntese ved hjelp av sollys lever han parasittiskmykorrhiza-nettverket mellom visse typar sopp og andre plantar. Sidan han ikkje er avhengig av sollys kan han veksa på svært mørke stader, som på skogbotnen. Monotropa uniflora er særleg knytt til bøkeskog.[3]

I Nord-Amerika er planten også kjend som ghost plant, Indian pipe og corpse plant. Planten er i dag sjeldan å finna. Det komplekse samspelet med sopp gjer det vanskeleg å formeira og dyrka han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Neyland, Ray; Hennigan, Melissa K. (2004). «A Cladistic analysis of Monotropa uniflora (Ericaceae) inferred from large ribosomal subunit (26S) rRNA gene sequences». Castanea 69 (4): 265–271. doi:10.2179/0008-7475(2004)069<0265:ACAOMU>2.0.CO;2. 
  2. David Matthews "Indian Pipes, Ithaca NY" Arkivert 2012-09-05 ved Wayback Machine.
  3. http://www.psu.edu/dept/nkbiology/naturetrail/speciespages/indianpipe.htm

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Monotropa uniflora