Monotropi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Monotropi er eit omgrep nytta innan mineralogi om det at modifikasjonar av same kjemiske samband (polymorfi) ikkje har noko avgjort overgangspunkt, fordi berre den eine strukturen er stabil. Berre den ustabile forma kan gå over i den stabile, og aldri omvendt. Til dømes kan markasitt gå over i pyritt, medan det omvende ikkje kan skje.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • enantiotropi

Kjelder[endre | endre wikiteksten]