Mons Askevold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mons Askevold
Fødd 6. februar 1806
Død

4. november 1889

Mons Andersson Askevold (6. februar 18064. november 1889) var ein norsk lærar og kyrkjesongar frå Hyllestad i Sogn som var stortingsmann for Nordre Bergenhus amt i 1854. Han var far til Anders Askevold.

Askevold var son til ein gardbrukar på Sørbø i Hyllestad. Sjølv tok han det som vart kalla «prosteeksamen» og vart så sett til å vere omgangsskulelærar i Hyllestad. Sidan fekk han stillinga som kyrkjesongar i Askvoll og attåt lærar. I tillegg var han saman med presten om å utdanna unge karar til lærarar i den lokale skulen.

Askevold var forlikskommissær 1839-41 og 1843-74. I 1854 representerte han Nordre Bergenhus på Stortinget, der han var medlem i Kyrkjekomiteen. Frå 1858 til -62 var han ordførar i Askvoll og var elles kommunen sin rekneskapsførar i fleire år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]