Mons Løvset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mons Løvset

Fødd18. august 1891
Byneset kommune
Død7. april 1972 (80 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, bonde, redaktør, forretningsdrivande
Alle verv

Mons Arntsson Løvset (18. august 18917. april 1972) var ein norsk gardbrukar, redaktør og Høgre-politikar fødd i Byneset i Sør-Trøndelag. Han var stortingsmann 1950-61.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Løvset var son til ein gardbrukar i Børsa. Han gjekk ut frå mellomskulen i 1912 og vart student i 1914. I 1915-16 studerte han teologi for å verte prest, men braut av studiet og gjekk handelsskule 1916-17. Dei neste fem åra var han avdelingssjef i Den Norske Krigsforsikring for Skib.

Frå 1922 var Løvset gardbrukar på farsgarden Eli i Børsa. Seinare var han i tillegg likningssjef i heradet og bankrevisor, og åra 1933-40 også redaktør av Fosens Blad i Trondheim.

Løvset var i si tid formann i Børsa Idrettslag og i Børsa skogeierlag, samt 1939-57 i Børsa kaiselskap. Han var elles styreformann i Orkla Trekonstruksjon og Impregnering A/S, rådsmedlem i A/S Vinmonopolet, nestformann 1946-55 i represesentantskapen i A/S Adresseavisen og nestformann 1947-56 i representantskapen i A/L Trøndermeieriet. Nokre år var han også formann i Norsk grunneigar- og sjølaksfiskarlag avdeling Trøndelag.

Løvset var sekretær for fylkespartia i Høgre i Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag 1928–58, medlem i Børsa heradsstyre 1948–53, medlem av landsstyret i Høgre 1946–58, og av sentralstyret 1950–58. Åra 1952-57 styrte han Høgre sin opplysningsorganisasjon. Perioden 1950-61 representerte han Sør-Trøndelag og Høgre på Stortinget. I alle dei 12 sesjonane var han medlem i Landbrukskomitéen.

Mons Løvset døydde i Børsa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]