Mons Litleré

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mons Litleré

Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. februar 1867
Naustdal kommune
Død

4. august 1895 (28 år)
Hamburg

Yrke Forleggar, bokhandlar og avisredaktør

Mons Litleré (fødd 2. februar 1867 i Naustdal, død 4. august 1895 i Hamburg) var ein norsk bladmann og forleggjar. Litleré var ein av pionerane i produksjon og sal av bøker på landsmål i Noreg på slutten av 1800-talet.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Bokmann[endre | endre wikiteksten]

Litleré voks opp i Naustdal i Sunnfjord der foreldra dreiv landhandel. Han gjekk Amtsskulen på Apalset i Gloppen og Sogndal Folkehøgskule, og fekk der kjennskap til kulturelle røter i samtida og blei gripen av ei interesse for landsmålet. På denne tida freista Vestmannalaget å selje bøker på landsmål ved hjelp av omreisande bokseljarar, og Litleré heldt fram med det. I 1886 starta han «Norskmålets bokhandel» i Naustdal. Han fekk løyve av dei kjende forfattarane Bjørnstjerne Bjørnson, Alexander Kielland, Jonas Lie og Alvilde Prytz til å setje om tekstar av dei til landsmål, og gav ut to bøker med Forteljingar. Den første var på 48 sider, kosta 60 øre og blei straks utseld. Seinare gav han òg ut Smaastubbar med mellom anna tekstar av lokale forfattarar.

Bokmannen Litleré sin innsats blei lagt merke til, og i 1887 blei han tilsett som redaktør i den nyskipa avisa «Firda- og Sygnafylkets Avis», seinare «Firda». Han busette seg i Bergen for å styre den nye avisa og drive bokproduksjon, no som Mons Litlerés forlag. Bokproduksjonen auka frå seks titlar i 1887 til 18 i 1892. Litleré dreiv forlagsverksemd i litt over 8 år (1886–95) og produserte til saman om lag 115 bøker, av desse 80 på landsmål, 31 på dansknorsk og nokre få med innslag av båe måla. Mellom bøkene som blei utgjeve av Litleré var forutan folkelege utgjevingar Nokre salmar av Elias Blix, Det Nye Testamentet og lærebøker, særleg i historie og morsmål. Mellom forfattarar på forlaget hans kan ein nemne Arne Garborg (m.a. Kolbotnbrev og Fred), Hulda Garborg, Olav Sande i Høyanger, Jens Tvedt, Anders Hovden, Rasmus Løland, Hans Seland, Per Sivle, Anders Vassbotn og Rasmus Steinsvik. Bøkene blei selt av omreisande bokseljarar og ungdomslaga. Etter initiativ frå Litlerè vart forlaget «Boklaget» skipa i 1889 med mellom andre Arne Garborg og han sjølv i styret. Han hadde også tankar om å knyte til seg forfattarar på fast løn.

Mons Litleré som 17-åring.

Bladmann[endre | endre wikiteksten]

Litleré brukte avisa «Firda» aktivt som annonse- og kritikkorgan, og han prenta mellom anna bokmeldingar av litteraturkritikaren Bolette C. Pavels Larsen frå Bergens Tidende. Avisa blei rekna for å vere radikal og moderne, og folk som Bjørnson og Steinsvik skreiv i ho. Seinare redaksjonssekretær i Bergens Tidende og grunnleggjar av Gula Tidend, Johannes Lavik, var ei stund ein sentral medarbeidar i avisa.

I 1889 skipa Litleré ein bokhandel i Markveien i Bergen (seinare flytta til Strandgaten). Frå 1893 var han medlem av Den norske Boghandlerforening, og fekk dimed rabattrett. På denne måten fekk bokhandelen eit meir allsidig utval. Samstundes gjekk dette utover boksalet på bygdene, og dette var nok ei årsak til at talet på bøker på dansknorsk auka relativt i løpet av dei siste åra. Litleré var òg engasjert i det friviljuge skyttarvesenet, og var den første formannen i Skyttarlaget Einar Tambarskjelvar då det blei skipa i Instedalen på 1880-talet.

Mons Litleré døydde av kreft våren 1895 på eit sjukehus i Hamburg i Tyskland, berre 28 år gammal. Kona hans døydde seinare same året og etterlet seg tre små born. Vestmannalaget har reist ei minnestøtte på grava hans i Bergen.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1886 – Fraa bygd og by : forteljingar (Naustdal: Norskmålets bokhandel)  [Umskrivne paa landsmaal av Mons Litleré]

I bøker - eit utval[endre | endre wikiteksten]

  • 2010 – Her er so fagert ved høge lid : diktning og diktarar frå Naustdal og Vevring (Naustdal: Naustdal sogelag). ISBN 978-82-91462-06-6  [Av innhaldet: Ei kanna salt / Mons Litleré, s. 32]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]