Mons Massicus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mons Massicus er ei fjellkjede i Italia i området til aurunkarane i antikken, på grensa mellom Campania og Latium.

Ho strekkjer seg sørvestover frå vulkansystemet Rocca Monfina og til sjøen. Ho ligg mellom dei nedre delane av Liris og sletta i Campania. Ho består av kalkstein med lag av vulkanske massar og var ein gong ei øy. Den høgaste toppen er 811 meter over havet.

I antikken vart fjellområdet svært kjend for vinen som vart produsert her. Det var akkurat plass til ein veg ved kysten og ved passet låg den aurunkiske byen Vescia (truleg i fjellsida). Denne byen forsvann i 314 f.Kr. etter tap for ausonarane. Sinuessa vart grunnlagd ved kysten i 312 f.Kr. og ein koloni vart grunnlagd her i 295 f.Kr..

Kjelde[endre | endre wikiteksten]