Monserrato

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kabelbru ved universitetet i Monserrato

Monserrato er ein by og ein kommune i Storbyområdet Cagliari i regionen Sardinia i Italia, om lag fem kilometer nordaust for byen Cagliari. Kommunen har 20 000 ibuarar og eit areal på 6,5 km².

I mellomalderen, då med namnet Pauli, var landsbyen del av Cagliari-judikaturet. Seinare låg byen under respektive republikken Pisa, Aragon-ætta og Arborea-judikaturet. Seinare var det eit vasallrike under kongeriket Spania først, og så hertugdømet Savoie.

Monserrato var eigen kommune til 1928, då han vart lagd under Cagliari. Etter ei lokal folkeavrøysting i 1991 vart Monserrato på ny ein sjølvstendig kommune.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]