Monster av R.E.M.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Monster av R.E.M.
Studioalbum av R.E.M.
Språk engelsk
Utgjeve 27. september 1994
Innspelt April–juli 1994
Sjanger Alternativ rock
Lengd 49:11
Selskap Warner Bros. Records
Produsent Scott Litt og R.E.M.
R.E.M.-kronologi 
Automatic for the People
(1992)
Monster av R.E.M. New Adventures in Hi-Fi
(1996)


Monster er eit musikkalbum av den amerikanske musikkgruppa R.E.M. som vart utgjeve i 1994. Scott Litt var medprodusent på dette albumet som var ei medviten stilistisk endring frå dei to føregåande albuma, Out of Time (1991) og Automatic for the People (1992). Musikken på Monster innheldt forvridde gitartonar, få overdubbingar og enkle gitararrangement. Tekstane til vokalist Michael Stipe omhandla mellom anna naturen til kjendisar. Innleidd av singelen «What’s the Frequency, Kenneth?», debuterte Monster som nr. 1 både på Billboard-listene i USA og dei britiske albumlistene. Bandet promoterte plata gjennom den fyrste konsertturnéen deira sidan 1989. Plata hadde fleire songar som vart kjende, spesielt «What’s the Frequency, Kenneth?», «Strange Currencies», og «Bang and Blame».

Biletet på coveret viser ei uklar teikning av eit bjørnehovud på oransje bakgrunn. Idéen oppstod då Stipe viste coverteiknar Chris Bilheimer ein ballong han ville skulle brukast på coveret, og bad han om å «leike med» han. Bilheimer endra biletet på ballongen, som opphavleg var grøn. Han måtte også ta bilete av bjørnehovudet på nytt. Då filmrullen hans nesten var tom, tok han eit par bilete utan å bry seg om å fokusere. Det var desse bileta han og Stipe enda opp med å like best.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle tekstane og melodiane er ved Bill Berry, Peter Buck, Mike Mills og Michael Stipe.

  1. «What’s the Frequency, Kenneth?» – 4:00
  2. «Crush With Eyeliner» – 4:38
  3. «King of Comedy» – 3:41
  4. «I Don’t Sleep, I Dream» – 3:28
  5. «Star 69» – 3:08
  6. «Strange Currencies» – 3:53
  7. «Tongue» – 4:13
  8. «Bang and Blame» – 5:30
  9. «I Took Your Name» – 4:03
  10. «Let Me In» – 3:28
  11. «Circus Envy» – 4:15
  12. «You» – 4:54

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

R.E.M.
Michael Stipe | Peter Buck | Mike Mills | Bill Berry
Diskografi
Studioalbum: Murmur (1983) | Reckoning (1984) | Fables of the Reconstruction (1985) | Lifes Rich Pageant (1986) | Document (1987) | Green (1988) | Out of Time (1991) | Automatic for the People (1992) | Monster (1994) | New Adventures in Hi-Fi (1996) | Up (1998) | Reveal (2001) | Around the Sun (2004) | Accelerate (2008) | Collapse into Now (2011)
EP-ar: Chronic Town (1982) | Not Bad for No Tour (2001)
Samlealbum: Dead Letter Office (1987) | Eponymous (1988) | The Best of R.E.M. (1991) | Singles Collected (1994) | In the Attic (1997) | In Time (2003) | And I Feel Fine (2006)
Andre album: Man on the Moon (1999) | r.e.m.IX (2002) | R.E.M. Live (2007)
Filmar
Succumbs (1987) | Tourfilm (1990) | Pop Screen (1991) | This Film Is On (1991) | Parallel (1995) | Road Movie (1996) | In View (2003) | Perfect Square (2004) | When the Light Is Mine (2006)
Tilknytte artiklar
Athens i Georgia | Alternativ rock | Hindu Love Gods | The Troggs | Athens Andover | I.R.S. Records | Warner Bros. Records | Hib-Tone