Monstrans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Framsyning av det innvigde nattverdsbrødet i monstransen på altaret under Kristi lekamsfest (la Fête-Dieu) 2. juni 2013 i Cathédrale Notre Dame de Strasbourg i Strasbourg i Frankrike.
Typisk monstrans frå år 1286 på bymuseet i Hasselt, Belgia.

Monstrans (frå latin: monstrare, «å syne fram») er ein liturgisk gjenstand som vert nytta i den katolske kyrkja til å syne fram og feire det innvigde nattverdsbrødet, hostien (oblaten). Etter at hostien var innvigd til nattverdsbrød under messa, vart han plassert i eit rom i monstransen, der han vart å sjå gjennom vindauge av glas eller bergkrystall.

Bruken av monstransar er knytt til den katolske læra om transsubstansiasjonen, som går ut på at Kristi lekam og blod verkeleg er til stades i brødet og vinen under nattverden. Ein skilde mellom «substans» (i tydinga «vesen») i nattverdsbrødet og vinen, og det som vart rekna som «tilfeldige eigenskapar» ved brødet og vinen. Substansen i brødet og vinen vart omgjort til Kristi lekam og blod under presten si bøn når han under messa innvigde brødet og vinen til bruk under nattverden. Men dei tilfeldige eigenskapane ved nattverdsbrødet og vinen, utsjånaden, lukta og smaken, vart uendra. Difor kunne nattverdsbrødet verte synt fram for å verte æra, tilbede og feira som Kristi sanne lekam.

Monstransen har fot og skaft som ein alterkalk, og på skaftet kviler ei plate som igjen ber sjølve monstranshuset. Midt i huset sit ei halvmåneforma klemme til hostien, som altså er å sjå gjennom veggar av glas eller bergkrystall. Øvst vert monstranshuset avslutta av eit tak som kan vera utforma som eit heilt tempel. Monstransen vert lagra i kyrkja i eit særskild rom som òg vert kalla monstranshuset.

I Norden forsvann monstransane frå kyrkjene ved reformasjonen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]