Montaigne
| Montaigne | |||
| | |||
| Fødd | 14. august 1995 (31 år) | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Sydney | ||
| Fødenamn | Jessica Alyssa Cerro | ||
| Alias | Montaigne | ||
| Opphav | Australia | ||
| Aktiv | 2014– | ||
| Sjanger | art pop | ||
| Instrument | vokal | ||
| Plateselskap | Wonderlick Entertainment | ||
| Verka som | songar, låtskrivar | ||
| Far | Gustavo Carlos Cerro | ||
Jessica Alyssa Cerro (fødd 14. august 1995 i Sydney), betre kjend under artistnamnet Montaigne, er ein australsk songar og låtskrivar. Montaigne skulle ha representert Australia i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland med songen «Don't Break Me», men tevlinga vart avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020. Ho skal i staden representere Australia i Eurovision Song Contest 2021 med songen «Technicolour».[1][2]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Cerro vart fødd i Sydney i 1995 og voks opp i Hills-distriktet. Ho har argentinsk, filippinsk, fransk og spansk bakgrunn.[3][4]
Etter endt vidaregåande skule fokuserte Cerro på musikkarrieren sin, og ho skreiv platekontrakt med Albert Music i november 2012. Året etter tok ho artistnamnet Montaigne, som er henta frå den franske renessansefilosofen Michel de Montaigne.[5] I 2014 gav ho ut sin første singel, «I Am Not an End», og skreiv sidan ny platekontrakt med Wonderlick Entertainment.
I 2016 følgde debutalbumet Glorious Heights med songane «Clip My Wings», «In the Dark» og «Because I Love You».[6] I 2019 kom oppfølgjaralbumet til Montaigne, Complex[7]
Eurovision Song Contest 2020
[endre | endre wikiteksten]6. desember 2019 vart det kunngjort at Montaigne var ein av deltakarane i Eurovision – Australia Decides, den australske uttakinga til Eurovision Song Contest. Under finalen 8. februar 2020 vann Montaigne tevlinga med songen «Don't Break Me», og ho skulle difor ha representert Australia i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest 2020 tysdag 12. mai 2020 i Rotterdam i Nederland.[8] Etter at tevlinga vart avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 fekk Montaigne oppdraget med å representere Australia i Eurovision Song Contest 2021 med songen «Technicolour».[1][2]
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Studioalbum
[endre | endre wikiteksten]- 2016 – Glorious Heights
- 2019 – Complex
EP-ar
[endre | endre wikiteksten]- 2014 – Life of Montaigne
Singlar
[endre | endre wikiteksten]- 2014 – «I Am Not an End»
- 2014 – «I'm a Fantastic Wreck»
- 2015 – «Clip My Wings»
- 2016 – «In the Dark»
- 2016 – «Because I Love You»
- 2018 – «For Your Love»
- 2019 – «Ready»
- 2019 – «Love Might Be Found (Volcano)»
- 2020 – «Don't Break Me»
- 2021 – «Technicolour»
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 Svendsen, Maiken (2020-03-18). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 2020-03-18.
- 1 2 «Latest news: 'Technicolour' for the Aussies 🇦🇺» (på engelsk). 2021-03-04. Henta 2021-03-04.
- ↑ Mathieson, Craig (2019-09-20). «'Why not do something a little wacky': Montaigne on new album Complex» (på engelsk). Henta 2020-02-09.
- ↑ «Montaigne på Instagram: "So my ethnic background is a mixture of Argentinian, Spanish, Filipino and French, and these are my great grandparents from the French side…"» (på norsk bokmål). Henta 2020-02-09.
- ↑ Spring, Alexandra (2015-04-25). «Montaigne: it's good to make fun of yourself». The Guardian (på engelsk (Storbritannia)). ISSN 0261-3077.
- ↑ «Glorious Heights by Montaigne» (på Australian English). Henta 2020-02-09.
{{cite journal}}: Cite journal requires|journal=(hjelp) - ↑ «australian-charts.com - Montaigne - Complex». Henta 2020-02-09.
- ↑ staff, Guardian; agencies (2020-02-09). «Eurovision 2020: Montaigne to represent country after winning Australia Decides». The Guardian (på engelsk (Storbritannia)). ISSN 0261-3077.
- Denne artikkelen bygger på «Montaigne» frå Wikipedia på bokmål, den 25. mars 2021.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Ukjent kjønn
- Fødde i 1995
- Folk frå Sydney
- Australske songarar
- Australske Eurovision Song Contest-deltakarar
- Australske Eurovision Song Contest-låtskrivarar
- Eurovision Song Contest 2020-deltakarar
- Eurovision Song Contest 2020-låtskrivarar
- Eurovision Song Contest 2021-deltakarar
- Eurovision Song Contest 2021-låtskrivarar