Montana av Frank Zappa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Montana
Song av Frank Zappa and The Mothers
frå albumet Over-Nite Sensation
Innspelt 1973
Sjanger Komedierock, progressiv rock
Lengd 6:35
Komponist Frank Zappa
Tekstforfattar Frank Zappa
Låtskrivar(ar) Frank Zappa

«Montana» er ein song skriven av Frank Zappa i 1973 for albumet Over-Nite Sensation. Han er den siste på albumet og ein av dei mest kjende Zappa-songane. Med på songen er Tina Turner and the Ikettes på korvokal, mest tydeleg i midten og slutten.

Songstrukturen[endre | endre wikiteksten]

«Montana» har ein struktur som er intro-vers-refreng-solo-mellomspel-vers-avslutning. Teksten, sungen av Zappa, er humoristisk og snakkar om ein person som vel å flytte til Montana for å dyrke «ei avling med tanntråd» og ri på ein ponny som heiter «Mighty Little.» Han drøymer om å verte ein «dental floss tycoon» (tanntrådmagnat) ved å kommersialisere drifta.

Ved 1:55, rett etter refrenget, spelar Zappa ein lang gitarsolo, etterfølgd av eit komplekst mellomspel med vokal (sungen av Tina Turner & The Ikettes) akkompagnert av perkusjon. Zappa følgjer synginga på dei siste versa før avslutninga, der linja frå refrenget («Moving to Montana soon...», sungen av Tina Turner and the Ikettes) vert repetert fleire gonger og vert svara med «Yippy-Aye-O-Ty-Ay» (sungen av Kin Vassy). Dette held fram til songen tonar ut etter kring seks og eit halvt minutt.

Om harmonivokalen til the Ikettes, sa Zappa seinare:[1]

«Det var så vanskeleg, den eine parten i midten av songen «Montana», at dei tre jentene øvde på det i eit par dagar. Berre den delen. Berre den delen. Du veit den delen som går «I'm pluckin' the ol' dennil floss..».? Midt i midten der. Og ein av kordamene fekk det til først. Ho kom ut og song hennar del og dei andre jentene måtte følgje sporet hennar. Tina var så nøgd med at ho klarte å synge dette at ho gjekk til nabostudiet der Ike arbeidde og drog han inn i studioet for å høyre resultatet. Han lytta på bandet og svarte, «What is this shit?» og gjekk ut att.»

Konsert[endre | endre wikiteksten]

«Montana» vart raskt ein favoritt hos fansen og vart ofte spelt på konsertane til Zappa, særleg 1973-1975, 1982, 1984 og 1988. På scenen endra Zappa ofte teksten på songen og stundom òg strukturen. Versjonen som finst på You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 2, («Whipping Floss») er eit døme på dette. Før songen startar, spør ein fan om dei kan spele The Allman Brothers Band-songen «Whipping Post». Zappa spøker med publikum at dei ikkje kan songen, og vel å spele «Montana» i staden, men endrar likevel teksten, som seinare tvinger George Duke og Napoleon Murphy Brock til å passe på korsynginga (og dei roter med ein del). I starten av versjonen startar bandet ein rask versjon av songen, noko som får Ruth Underwood og Chester Thompson til å snuble i trommepartiet, noko som fører til fleire spøkar frå resten av bandet. Slutten av songen er ein lang gitarsolo, som kring 9:55 vert til ein funk-jam og til slutt endar i ein kort versjon av «Big Swifty».

Anna[endre | endre wikiteksten]

Songen (utan soloen) vart gjeven ut som B-sida til «I'm the Slime» (1973) og amnge år seinare, gjeven ut på samlealbumet Strictly Commercial.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Miles, Barry (16 Sep 2005). Zappa: A Biography. Grove Press. ISBN 978-0802142153. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]