Monte Fitzroy
Utsjånad
| Monte Fitzroy | |||
| fjell | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fjellkjede | Cordillera Darwin | ||
| Høgd | 3 375 moh. | ||
| Koordinatar | 49°17′S 73°05′W / 49.283°S 73.083°W | ||
| Førstestiging | Lionel Terray | ||
| • dato | 1952 | ||
![]() Monte Fitzroy 49°16′17″S 73°02′36″W / 49.271388888889°S 73.043333333333°W | |||
| Wikimedia Commons: Mount Fitz Roy | |||
Monte Fitzroy, også kjent som Cerro Chaltén, er ein fjelltopp i nærleiken av landsbyen El Chaltén i breområdet Campo del Hielo Sur i Patagonia. Landegrensa mellom Argentina og Chile går over Monte Fitzroy.
Monte Fitzroy vart klatra fyrste gongen i 1952 av to franskmenn, Lionel Terray og Guido Magnone. Fjellet er eit av dei aller mest krevjande å klatre til topps på heile jordkloten.
Fjellet, som er kalla opp etter den britiske sjøfararen Robert FitzRoy, ligg i Los Glaciares nasjonalpark.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Monte Fitz Roy» frå Wikipedia på engelsk, den 14. juni 2012.
