Monte Grappa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Monte Grappa er eit fjell i Veneto i Italia med ei høgd på 1 776 meter over havet. Fjellet er ein del av lavberga ved foten av Alpane og er delt mellom provinsane Vicenza, Treviso og Belluno. Fjellet var åstad for eit kjend slag under den første verdskrigen.

Slaget ved Monte Grappa, stundom kalla «Den italienske thermopylene» vart utkjempa av Italia mot troppar frå Austerrike og Tyskland i november og desember 1917. Fjellet var den siste forsvarslinja mellom den austerriksk-tyske hæren og venetianarane. Totalt fall 24 000 italienarar, over 4 000 engelsk- og franskmenn og over 100 000 austerrikarar. I eit mausoleum like under fjelltoppen ligg 25 000 italienske og austerrikske soldatar som døydde i slaget gravlagd.

Grappa-massivet, med fleire nabotoppar, er òg kjend for den tradisjonelle osten Bastardo del Grappa og er ein populær destinasjon for syklistar.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 45°51′N 11°44′E