Monte Yoho

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Monte Yoho

Yoho speler trommer i bakgrunnen på biletet. I framgrunnen er Hughie Thomasson.
Fødd6. desember 1952 (71 år)
FødestadLakeland i Florida
OpphavUSA
AktivSidan 1967
Sjangercountry, southern rock
InstrumentTrommer
Tilknytte artistarThe Outlaws, The Henry Paul Band, BlackHawk
Verka somTrommeslagar, låtskrivar

Bryon Lamont «Monte» Yoho (fødd 6. desember 1952) er ein amerikansk southern rock- og countrymusikar. Han er mest kjend som trommeslagar i gruppene Outlaws og Blackhawk.

Yoho gjekk på skule i lag med Hughie Thomasson og dei to vart nære vener.[1] Yoho spelte som studiomusikar seint i 1960-åra, mellom anna for The Bellamy Brothers.[1][2]

I 1969 møtte Yoho Billy Jones medan han haika heim frå Atlanta Pop Festival. Under køyreturen avgjorde dei å skipe eit band i lag. Resultatet vart The Dave Graham Group, med Jones og Dave Graham på gitar, Roy Holly på bass og Yoho på trommer. Kvartetten samarbeidde ofte med det Thomasson-leia bandet The Outlaws.

Outlaws[endre | endre wikiteksten]

Etter fleire besetningsendringar og eit brot, valde Thomasson å skipe Outlaws på ny i 1972.[3][4] Thomasson vart solovokalist og ein av tre gitaristar. Den opphavlege trommeslagaren var Billy Jones, men Thomasson var imponert over korleis Allman Brothers Band brukte to sologitaristar, og overtydde Jones om å spele gitar i staden. Yoho vart dermed trommisen i bandet.[3]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Med The Outlaws
Med The Henry Paul Band
Med BlackHawk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Giacinto, T.F. (29. september 2007). «The Monte Yoho Story». Rockland Music Resource Network. Arkivert frå originalen 17. juni 2006. Henta 15. november 2009. 
  2. «The Bellamy Brothers Overview». Allmusic. Macrovision Corporation. 2009. Henta 13. desember 2020. 
  3. 3,0 3,1 Brant 1999, p. 162.
  4. «Outlaws Timeline» (PDF). Outlaws. Arkivert frå originalen (PDF) 19. mai 2006. Henta 13. desember 2020.